Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Vegen var heilt forferdeleg

Utgave 4, 2018.


På avslutningsfesten med vitnemålutdeling i Suum var det 20 elevar som var ferdige med leseklassen. Denne dagen vart heilt spesiell for Datla området, for vegen til kyrkja der var heilt forferdeleg. Då me reiste dit, køyrde me gjennom mykje vatn og gjørme utan å få problem. Alle som hadde gått i klassen hadde møtt fram, og kyrkja var full av folk frå området. Kyrkja var fullare enn til vanleg. Evangelisten, som var kvinne og mor, var veldig glad for å sjå så mykje folk. Det vart verkeleg ein utruleg spesiell dag. Eg delte ut vitnemåla og Biblar til gåve. Og eg oppmuntra dei ved å seia at nå kan de lesa, skriva, rekna og har fått bibel, så les Guds Ord kvar dag!


Då me reiste tilbake, sette bilen seg fast der det var vatn og gjørme. Eine hjulet sokknedi gjørma.Så djupt at vi ikkje kunne sjå hjulet att. Det var ingen hus i nærleiken der me kunne spørje om hjelp. Me stod der i over ein time utan nokon kontakt med andre, så det var heilt spesielt. Men ein mann som kom gåande forbi, gjekk for å låna ei hakke hos nokon han kjente. I kyrkja hadde dei skjøna at bilen ikkje kom seg vidare, og dei sende 4 ungdommar for å sjå kva som hadde skjedd. Dei hjelpte med å samla små steinar til å ha under hjula, slik at ikkje hjula skulle fortsette å synke djupare. Dei heldt på med dette ei tid til me fekk opp eine framhjulet.

Medan desse fire heldt på å bera stein, kom det to damer som også hadde vore på festen. Dei sa at dei ikkje kunne bera stein, men at dei kunne be. Dei bad til Gud at han måte hjelpa oss å få bilen ut or gjørma. Og Gud gjorde det utrulege. Smått om senn kom hjula oppatt og på plass, utan at me forstod kva som skjedde. ”Rop på meg, så vil eg svara deg”Jeremias 33.3.


Skrive av: Agnes S. Philipo