«Du ser både møde og sorg, du ser det alt og tek det i di hand.» Sal. 10,14 .
Jesus har omsorg, han ser, han veit, og han ynskjer å nå fram med si omsorg. Til den einskilde, til deg, meg og den einskilde mellom iraqwfolket. Han ynskjer nå oss beinveges.
Det gjer han lettast gjennom ein open bibel. Finn han og møt han der. Du må rydde veg for Jesus, så han når fram til deg. Han tvingar seg ikkje på oss. Vi må opna døra sjølv, og då har han lova koma inn. Han ynskjer nå alle med si omsorg og kjærleik. Korleis du har det, kva og kven du er, veit han.
Han ynskjer så inderleg ta deg og all di møde og sorg i si hand.