Det er ei underleg tid. Eg står liksom på avstand og ser noko som skjer. Lenge har vi sett på dette store utan å fått tak i det eller utan å få tak i kva som skjer.
Vi ventar på, og vonar på, at folk omsider skal oppfatta kva vi held på med, - dette at folk får lære lesa. Det er mange måtar å gjere det på. Og veldig mange teoriar er ute og går.
Men vi har funne ut at folk lærer lettast og raskast på morsmålet, det målet dei kjenner best og forstår best. Då treng du berre læra dei sjølve lesekunsten. Innhaldet i det dei les har dei i seg, i sitt eige språk. Når dei meistrar lesekunsten, er vegen til tileigning av kunnskap lett. Dei kan vegen.
Det er underleg å vera med på at leiarar oppdagar at dette er vegen å gå. Dei har leita i mange år etter ein måte å gjera det på, utan å lukkast. Men våre klassar held fram. Dei lukkast. For dei startar med morsmålet, og brukar det som inngang til nasjonalspråket. Det er ei ny tid for analfabetane.
Det har vore ein lang veg å gå, og framleis har vi langt att. Men vi må ikkje gje opp eller bli trøytte no når vi er så nær målet. Utvidinga av ILCT sitt arbeid no i årer veldig avgjerande. Eit nytt geografisk område ligg ope for arbeidet med leseopplæring. Og bibelen vil opna seg for mange nye lesarar.