For tida er vi i gang med å trappe ned i Mamaisara. No er det for fåe analfabetar att i mange av landsbyane til at ein kan sette i gang ein ny klasse.
At det no er vanskeleg å få nok elevar til leseklassane i Mamaisara, viser at vi har lukkast i å redusere talet på analfabetar i det området. «Hongereni ninyi nyote!!!» (Gratulere til dykk alle!!!) Vi har lukkast!
Det er mange andre områder som har venta lenge på oss, så det passar fint at vi no kan flytta lærarar til nye plassar. Vi har valt å starta først i Dongobesh Prosti. Det er stort, med seks kyrkjelydar og mange utstasjonar, dvs. kyrkjer som berre har evangelist. Presten i hovudkyrkja har det overordna ansvaret på alle utstasjonane.
Til saman har dette prostiet kyrkjer i 70 landsbyar, som vi har fått lov til å bruke 4 dagar per veke til undervisningslokale. Parallelt med desse klassane i den lutherske kyrkja skal lærarane ha ein klasse i eit anna kyrkjesamfunn eller i ein skule for staten, dvs. 2 klassar per dag. Det gjeld å utnytte resursane og tida. Eit stort arbeid ventar. Vår daglege bøn er: «Herre, led oss, gaid oss, gå saman med oss inn i denne store oppgåva du har opna dørene til.»
“Nå er vi i gang”, skriv Kjellfrid Eggebø. Og det er heilt sant, for vi har starta på prosedyren for oppstarting av nye klassar på nye plassar. Hare/abi kyrkjelyd var den første som vart klar til å starta. Der var Kjellfrid med filmteamet sitt tysdag 13. sept. og viste Jesusfilmen. To dagar seinare, starta Kristina eit A-seminar der, med sitt team. Dei hadde eksamen på laurdag og fekk sitt deltakar bevis der og då, men oppgåvene vart sende til Mbulu til retting.
Fire av deltakarane, dei med det beste eksamensresultatet, vil bli spurde om å vere hjelpelærarar i lærarteamet som startar i Hare/abi. Etter tre månader vil hjelpelærarane ha lært så mykje at vi kan flytte 1 lærar og 2 av hjelpelærarane til Ufana kyrkjelyd.
På fylgjande side vil du sjå planen for Dongobesh prosjektet. Der finn du namn på alle plassane og på lærarane, slik at du lettare kan fylgje med. Alle treng tett oppfylging, hugs på dei. Lærarane som flytter frå Mamaisara vert vekependlarar. Be for dei og familiane deira.
Planen er å starta Basic-klassar i Hare/abi, Tumati og Dongobesh i løpet av oktober. Men ting tar tid. Same oppstartsprossedyre må gå føre der også.
I ein e-mail i dag, 24.sept., fortel Kjellfrid Eggebø frå det første katekismekurset i Haydom prosti på måndag: »I Basotu hadde me 46 namn på lista, evangelistar og eldste. Presten og ein Yaeda /Ampa evangelist ba Wasay om leseklasse. Ein evangelist kan ikkje lesa.»
Alle desse dørene som opnar seg no, er bønesvar. Etter ti år kjem svaret på denne måten. «Det EndojiChini er som ein draum,» sa ein 4-klassing, då vi vitja skulen han går på på måndag og fortalde om arbeidet. Underleg å sjå korleis Gud sender svar på våre bøner, i rette tid. Dette svaret kunne vi ikkje fått for ti år sidan.
Det er alltid svar undervegs, men ventetida synest stundom lang. Gud kjem aldri for seint, berre i rette tid. «I rette tid bønhøyrde eg deg, ...» 2.Kor. 6,2