I april hadde me Iraqw lese- og katekismekurs på to dagar i dei seks menighetene i Dongobesh prosti. Me samla vel 70 evangelistar og like mange andre engasjerte i den lutherske kyrkja. Nokre ville gjerne ha kurs og leseklassar der, og nå er me i gang.
Først viser me Jesus filmen der alle snakkar stammespråket. Det gjorde me tysdag, 13. september i Hare/abi. Folk var ikkje akkurat tidleg ute, men flokken auka til dei var omkring 350, barn og vaksne. Ansiktsutrykk og kommentarar viste at dei var heilt med og tok imot.
Det er lenge sidan me hadde så mange på filmkveld. Mange sat rett på graset eller helst rett på jorda.
Det var planlagt A-seminar for dei som kan lesa swahili, men ikkje iraqw, og klassen var fullteikna. Me opplyste om klasse for dei som ikkje kan lesa i det heile tatt , og oppmoda dei til å skriva seg på.
Rett før eg reiste heim i april, kjøpte me ein oppladbar høgtalar. Nå brukte me den for første gong og var ganske spente på korleis det ville bli. Det gjekk veldig greitt og den fungerte i dei tri timane me heldt på. Me hadde tatt med generator, akkumulator og vanleg høgtalar, men slapp bruka det. Kan me i framtida klara oss med den nye høgtalaren, blir film framvisinga mykje enklare. Det var fine bilete og passe volum og mange tilstade. Mama Pendo og eg sang to sangar på Iraqw, og mange var med på koret. Mama Pendo hadde ei fin helsing.
I Dongobesh menighet vert det oppstart 10. oktober, med film i Qaloda og A-seminar rett etterpå. Så blir det leseklasse der så fort som muleg etterpå. Tidspunkt for start på tredje plass er ikkje bestemt ennå.
Oppdraget mitt med katekismekurs i Haydom Prosti begynner mandag og tirsdag, 19. og 20. sept. 2016. John Yasenti er rede til å vera med. Det er 2 timars køyring frå Mbulu. I Haydom har dei 22 utstasjonar. Det er spennande tider. Me ser at Gud gjekk føre. Mykje planlegging står att både i Dongobesh og i Haydom. Så me treng veldig mykje forbønn for planlegging og gjennomføring.
Takk til deg som støttar oss!