Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Han skal ta seg av det.

Utgave 6, 2016.


Forkynnaren 11.

1) Kast. Kast brødet ditt på vatnet, for med tida finn du det att.

2) Del. Del det du har med sju eller åtte, for du veit då ikkje kva for ulukker som kan henda på jorda.

3) Ljoset. Ljoset er ein hugnad for auga, det gjer godt å sjå sola.

4) Åra. Om åra vert mange, skal mennesket leva og gleda seg over dei
alle.

5) Så. Så ditt sæde om morgonen, og lat ikkje handa kvila om kvelden. Du veit då ikkje kva som vil lukkast, anten det eine eller det andre, eller om alt er like godt.

Å kasta, å dela, å så, det er ulike måtar å gje på. Det du har i handa, skiftar eigar. Den eine måten er meir risikabel enn den andre. Når vi er så redde for å så, for å gje, for å dela, er det kanskje fordi vi ikkje er villige til å la det vi har i handa, skifta eigar.

Vi ynskjer å behalda det vi har gitt eller delt. Kanskje den nye eigaren ikkje tek godt nok vare på det, eller ikkje set nok pris på det han har fått. Kanskje var arbeidet forgjeves. Kanskje tregar du på at du sådde i den åkeren, for du ser ikkje noko teikn til at det gror. Eller kanskje eg skulle brukt det kornet til mat, .. mat til borna. Du er lei for det du har gjort.

No må du ikkje gløyma at dette såkornet, eller dette brødet, denne gåva, har skifta eigar. Den er ikkje lenger din. Difor er den heller ikkje ditt ansvar lenger. Overlat til Gud det du har gitt han. Han skal ta seg av det.

Del det du har med sju eller åtte, ... Så ditt sæde om morgonen, ... Kast brødet ditt på vatnet, så skal du finna det att.


«Tenk, hvilken nåde det er av Gud At vi får være hans sendebud Og til den døende verden gå, Kjærlighetssæden fra Gud å så!

Kor: Gå, gå, høsten er stor, Gå, gå, søster og bror, Gå med Guds sæd, med livets ord! Gå, gå, høsten er stor!

2. Ser du deg fattig og ring som Rut, Skynd deg å gå på Guds åker ut! Sikkert det enn noen aks er gjemt Som våre brødre har ganske glemt.

3. Bli ikke trett mens du sæden sår, Engang din kjærlighet lønnen får! Må vi enn ofte med tårer så, Skal vi med glede dog høste få.»
Eric Bergquist; 1898

Takk for at vi kan gå saman som «sendebud» til iraqwfolket.


Skrive av: Frøydis Nordbustad