Kjære ILCT- lesarar!
Fyrst av alt: Tusen, tusen takk for alle gåver me fekk til arbeidet i Tanzania i 2025.
Tenk, me fekk sendt ut kr. 65.000 kvar månad!
I år har me sendt ut pengar til arbeidet i januar, og no ligg det klart for februar også. Det vil seia at me har fått inn kr. 130.000 allereie. Fantastisk!
Kva har skjedd sidan sist me omtala den økonomiske stoda? Mange ILCT- vener sende gode gåver i desember og januar. På julaftan var det to gudstenester i Hesby sokn (Kjellfrid Eggebø sitt sokn), og der kom det inn kr. 17.066. Ågotnes bedehus sende kr. 10.000 og Tv12 Bedehuskanalen hadde eit innslag om ILCT ein laurdag under ønskekonserten. Der delte dei ut nokre store gåver til ulike misjonsprosjekt, og ILCT fekk kr. 40.000. For ein stor Gud me har som også vaker og velsignar arbeidet i Tanzania. Enno ein gong, tusen takk for at nett du står med oss i tenesta!
No er me godt i gang med innsamlinga til mars månad, der me førebels har kr. 43.000.
Me håpar og ber om at me kan få nok også til den månaden og vidare utover i 2026. Med di hjelp og Guds velsigning kan me òg nå dette målet. Oppgåvene er mange!
Gjennom Glytt prøver me å gi dykk eit innblikk i det viktige arbeidet me er med på i Tanzania.
Varm takk og helsing frå Styret i ILCT