I 2023 underviste eg på ein stad kalla Judea. Ein av elevane mine heitte Samuel Daudi, og han vart flink i lesing og skriving. Ein dag reiste han saman med ein venn til Katesh på motorsykkel. På returen tok han som køyrde, feil av vegen. Då hjelpte Samuel vennen sin ved å kunna lesa skiltet, der det stod ‘Moritu’. Han sa dei måtte snu, for dei hadde køyrt feil. Dermed køyrde dei attende eit stykke og fann den rette vegen.
Då dei kom tilbake, kom dei og takka oss lærarane, Rafaeli Julius og Maria Kwaslema, for at me hadde lært Samuel å lesa. Samuel Daudi takkar Gud inderleg og er svært glad fordi han har lært å lesa og skriva.
Også eg takkar Gud for at han passar på meg og for at han har gjort meg i stand til å undervisa andre. Takken går også til ILCT.
Bilde 1: Agnes Philipo hjelper ein elev
Biletglimt frå undervisninga