Justo Simon Madangi vart født i 1962 i Endoji, nær Dongobesh i Mbulu, Tanzania. Han vart kjent med Frøydis då han var liten gut, og Frøydis budde heime hjå dei. Ho skulle læra iraqwspråket. Det må ha vore ein god stad å vera. Faren var prest, og mora får eit flott vitnemål av sonen: «Mamma elska Gud høgt. Ho var ei som bad mykje og ho stolte veldig på Gud.»
Justo Simon vart døypt av Bartolomayo Jonathan, som seinare var leiar for den lutherske kyrkja i Mbulu i mange år. Etter konfirmasjonen, då han var 18 år, starta han i kor, var leiar for ungdommane og underviste søndagsskule.
Etter grunnskulen og vidaregåande starta han på teologistudiet på Maskumira. Første arbeidsoppgåva hans som prest i Mbulu frå 1997, var å hjelpa til med omsetjing av Det gamle testamentet til iraqw. I 1994 gifta han seg med Juliana Richard Sulle. Ho arbeidde på Haydom hospital.
Justo har tatt fleire korte kurs, m.a. i omsetjingsarbeid, og han har undervist misjonærar i swahili på språkskulen. Han har også tatt kursa «Clinical pastoral education» og «Community homebased care», som handlar om lindrande behandling for heimeverande kronisk sjuke og lidande. Dette har vore ein del av presteoppgåva hans.
I 2016 fekk han i oppdrag å starta opp ein hovudkyrkjelyd i Qaloda med fleire utstasjonar. Dette var tidlegare ein del av Dongobesh sokn. På den tid starta ILCT med leseopplæring i dette området, og Justo var svært positiv til opplegget.
Han lét lærarar som trong ein stad å bu, få bu hjå seg. Han skriv: «Eg takkar Gud for ILCT. Der i Qaloda gledde gamle damer seg veldig fordi dei kunne lesa Guds Ord på iraqw». Dei hadde fleire omgangar med skule i 9 månader i Qaloda landsby, og dei hadde skule på nabo-utstasjonar.
I 2021 vart Justo pensjonist og bur no i Haydom. Der hjelper han til som frivillig prest. Han ser det som viktig å oppmuntra folk til å nytta høvet til å læra å lesa iraqw og kjøpa iraqwbibelen. Han oppfordrar prestar, evangelistar, leiarar for staten og forskjellige kyrkjesamfunn, til å gjera det same. Han meiner folk bør nytta denne moglegheita som Gud har gitt gjennom ILCT. Evangelisering vil ha framgang når folk lærer å lesa iraqw og kan lesa Bibelen på sitt eige språk. Og på den måten vil dei få mykje større innsikt i Guds ord.
«Eg takkar veldig ILCT som ser den store nauda til dei av vårt folk som ikkje kan lesa og skriva. Takk òg for samarbeidet med meg frå eg var i Qaloda og fram til i dag. Må Gud velsigna dykk rikt!»