Bartimeus sat ved vegen og tigga. Han var blind, men høyrde godt. Han oppfatta at ein svær flokk med folk kom nær. «Kva er det som skjer?» spurde han.
«Jesus frå Nasaret går forbi», svara dei.
Då ropa Bartimeus ut: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»
Folk prøvde å få han til å teia stilt, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» Jesus stansa og bad dei leia Bartimeus til seg. «Kva vil du eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. «Herre, lat meg få synet att!» svara Bartimeus. Jesus sa: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg!» Bartimeus og folket gledde seg og lovprisa Gud for det som hadde skjedd.
Bartimeus vart frelst og han vart sjåande. Kven tru, fekk han sjå først? Truleg Jesus sjølv. Og gleda var stor. Tenk om han hadde tidd stilt då dei prøvde å stoppa han? Han kom til Jesus og vart sjåande, og
han fylgde Meisteren.
Ropet hans var nok. Det er også vårt, når me ropar på den rette og tek vår tilflukt til han.
Fleire gonger bruka eg denne teksten når me viste Jesus-filmen i Mbulu-området i Tanzania. Filmen var på folket sitt språk, iraqw, og folk strøymde til mang ein gong. Fleire viste at dei ville høyra Jesus til. Det lydde lang veg når me viste filmen ute og bruka høgtalarar. Og folk heldt fram med å komma nesten til slutt. Lovnaden frå Jesaja 55,5 om at folk skulle springa til oss, følte eg vart oppfylt.
«…og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort», seier Jesus. Johs. 6,37
Takk og lov for det!