Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kjære ILCT- støttespelarar!

Utgave 6, 2025.


Me skriv allereie 3. desember. Også gjennom dette året har me fått sendt ut kr. 65.000 kvar månad til arbeidet i Tanzania, takka vere dine gåver.

Det same skal me nå få gjera denne siste månaden av 2025, sjølv om det på langt nær såg slik ut på kontoen berre for nokre dagar sidan! Så me lever «frå hand til munn», men kom altså i mål denne
gongen også, Gud skje lov!

Stor og varm takk til deg som trufast har stått med i tenesta gjennom dette året. Utan gåvene frå dykk alle, hadde ikkje dette vore mogleg. Ynskjer og ber om at me fortsatt får ha dykk som gjevarar og forbedarar til oppgåvene i ILCT Tanzania.

Styret i ILCT ber om Guds rike velsigning over deg og dine. Velsigna julehøgtid og eit godt og fredfullt nytt år!



# Sommarsamlinga 2026:

Neste års Bibel- og inspirasjonshelg på Helgatun blir 12.-14. juni, altså ei veke før det som har vore vanleg. Merk av på kalenderen allereie no!


Skrive av: Inger Lise Tepestad