Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Nytt frå ILCT

Utgave 6, 2016.


Det har vore stor aktivitet denne hausten med oppstart av leseopplæring for analfabetane og for dei som ynskjer lære lese iraqw. Det er eit stort apparat som må aktiverast før ting og tang tek til å skje.
Katekismekursa for evangelistane i Haydom prosti starta på same tida. Når ei berre har ein bil, som duger på dei tøffe vegane, må det god koordinering til for at timeplanen for alle plassane kan fylgjast.

Alt dette har vore krevjande på mange måtar.

Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth reiste heimatt i september, etter at planane var klare og dørene opne.

Kjellfrid og dei andre har verkeleg stått på for å få dette gjennomført. Kjellfrid kjem heim i 19. november, og skal feire jul i Norge. Frøydis og Nora reiser utatt 8. november og skal vere i Mbulu medan Agnes har svangerskapspermisjon (til mars). Så i år vert det julefeiring i Mbulu.

Vi ynskjer deg ei god adventstid og ei velsigna julehøgtid.


Skrive av: Frøydis og Nora