Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Eit lite minne frå 1986

Utgave 6, 2025.


Eg hadde fått vera med på det fyrste språkkurset i iraqw som Frøydis heldt i Norge, på Fjellhaug. Me var tre elevar, Kjellfrid Eggebø, Anna Sukka og eg. Det var ei stor oppleving å få ta del i dette. Me fekk mange aha-opplevingar med orda som nå gav meining! Det var ord me hadde høyrt ofte og prøvd å bruka også, til glede for dei me prata med. Nå fekk me setja saman heile setningar med rett grammatikk; i nåtid, fortid osb. – og det vart meining!

Då eg var tilbake i Haydom i 1986, vitja eg ein dag ein familie eg kjende godt. Mor og tre born var heime, far var på arbeid. Me sat ute i sola og drakk te og kaffi. Eg tok fram Det nye Testamentet på iraq, som var ei fin bok. (Utgjeven i 1977). Eg såg på borna, og på mamma. «Nå vil eg lesa juleevangeliet for dykk», sa eg. Borna såg undrande på meg. Eg starta å lesa. Åh! Dei forstod det! Den kvite dama las på iraqw! Borna sette i å le; dei sprang rundt meg, og så til mora, medan dei veifta med armane.

Dette var ei ny oppleving. At mor og far og borna brukte iraqw i heimen var ei kjent sak, men at dei «utanfor stamma» brukte iraqwspråket, det var dei ikkje vande med!

GODT NYTT Det nye testamentet

Nå er det året 2025. Eg ser føre meg mor eller far i dei hyttene og heimane i landsbyane, der éin frå familien har fått gå på kursa våre for å læra å lesa. Denne julehøgtida har dei glede av å lesa juleevangeliet sjølve.

Dei var medrekna då engelen sa til gjetarane:

«Ver ikkje redde!
For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede
– ei glede for alt folket.»

Luk. 2, 10

Dette misjonsarbeidet er viktig!

Eg ynskjer dykk ei velsigna julehøgtid!


Skrive av: Valfrid Haugvaldstad Kjølvik