Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Arbeidet fortsetter

Utgave 5, 2025.


Nå er det snart seks år sidan Nora og Frøydis reiste frå Mbulu siste gongen. Agnes, Nicodemu og dei andre står på framleis. Barnehagen fortset med 30 born føremiddag og 30 born ettermiddag. Det er mange som vil ha borna sine inn der, og trivselen er god.

Tredagars kurs for lesekunnige fortset, men nå er det lengre å reisa for å komma til nye stader. Det blir fort to til tre timars køyring. Dei har først tredagars kurs for dei som kan lesa og som vil læra å lesa iraqwbibelen. Så er det 9 månader skule for dei som ikkje har lært å lesa. Dei prøver å køyra til to stader på kvar tur. Dei fleste lærarane bur heime, men har kanskje langt å gå kvar dag. Nokre må ha ein stad å bu måndag til torsdag. Me har for tida 33 lærarar som underviser analfabetar. Dei er stort sett team på 3 som har to klassar måndag til torsdag, 2 klokketimar kvar gong. Lønn til eit team er ca. NOK 2000 kvar månad. Så det blir mykje undervisning for pengane.

I området nærare Haydom Hospital har dei starta fleire nye klassar etterkvart som dei har slutta av andre stader. Desse nye er så ivrige, fortel Agnes. Det er mange unge menn som kjem til timane, og alle her er flinke til å møta opp.

Det kostar å køyra, og dei er stort sett avhengige av bil, og ikkje buss, når leiarane skal ut til klassane. Viss dei fyller for 400-600 kr. med diesel, kan dei ha to slike lange turar. Bilhaldet er eit samarbeid med den Lutherske kyrkja. Arbeidet er avhengig av hjelp frå oss. Så hjarteleg takk til deg som står på!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø