I slutten av august var Nicolaus Nsanganzelu invitert til Norge av Haydoms vener. Det var tredje gang han vitja landet vårt, og han fekk møta mange trufaste misjonsvener. Då han var i Sandnes fredag 22.august var nokre frå styret i ILCT så heldige å få eit eige kort møte med han, etter samlinga med Haydoms vener.
Nsanganzelu har vore biskop i Mbulu, Tanzania, i 12 år, og hjelpebiskop i lang tid før det. No er tida som biskop over, og me er takksame for at han har tatt på seg leiarvervet i ILCT Tanzania, etter Elias Gabriel Goroi. Me samtala litt om forventningar og utfordringar for ILCT. No har me mista trufaste tenarar med leiarverv både i ILCT-Norge og ILCT-Tanzania. Det gjer at styra i begge land må bruka noko tid på å få oversikt over drifta som har vore. Vår felles utfordring blir å ivareta og føra det gode arbeidet til Frøydis og Nora vidare. Sjølve drifta blir ivaretatt av ILCT- Tanzania, men dei treng økonomisk støtte og forbøn frå oss i ILCT- Norge.
I ILCT-Norge ser me at det ikkje lenger er samsvar mellom inntekter og utgifter. Trufaste giverar gjennom mange år fell frå, og dei vert ikkje automatisk erstatta med nye.
Med ynskje om at leseopplæringa held fram og at Guds ord når ut til Iraqwfolket ber me frimodig om forbøn og støtte til arbeidet.
Styret i ILCT.
Bilete: Frå høgre: Åse Enes, Kjellfrid Eggebø og Inger Lise Tepstad, Nicolaus Nsanganzelu og kona Neema.