Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Hyrden og Tilsynsmannen Jesus

Utgave 5, 2025.


I 1.Peter 2,21-25 skriv Peter om Jesus som hyrde og tilsynsmann for sjelene. Etter eit liv saman med Jesus med både oppturar og nedturar, har han fanga opp kor omsorgsfull Jesus var med han gjennom alt. I evangelia les me om korleis Jesus tok seg av sine og dei han møtte på si vandring. Heile vegen møter me tilsynsmannen!

Eg tenkjer på den samaritanske kvinna, den blinde Bartimeus, Sakkeus og ikkje minst læresveinane. I ei av andaktsbøkene sine kallar Karsten Isaksen Peter for ‘Simon snublefot’. Peter er nok ikkje åleine om dette, vi kjenner oss vel igjen nokon kvar her. I Matt.16,21-23 seier Jesus at han sjølv skulle lida og døy, men stå opp att etter tre dagar.

Dette gjekk inn på Peter, han tok Jesus til sides og sa: «… Slikt må aldri henda deg.» Her iretteset Jesus Peter, ja, han brukar sterke ord: «Vik bak meg Satan!»(v.23) I Lukas 22,31-32, møter me tilsynsmannen Jesus: «- eg bad for deg, Peter, at trua di ikkje måtte svikta!»

I Joh.13,1 ff. finn me Jesus og læresveinane på nattverdsalen. Johannes hadde lært Jesus å kjenna, og skriv så fint: «- som han hadde elska sine eigne, som var i verda, så elska han dei til enden.» Han hadde tid for sine midt i alt han sjølv skulle gjennomgå. Jesus førebur læresveinane sine på mykje av det som skulle skje med dei framover. Jesus hadde tid for dei. Han vaska føtene deira, delte nattverden med dei, samtala med dei og hadde ei mektig bøn for dei og med dei. For ein tilsynsmann!

I Lukas 22,54-63 les me om Peter sin store kamp ved bålet i øvstepresten sin gard. Ja, Peter banna på at han ikkje kjende Jesus. Då hanen gol, snudde Jesus seg og såg på Peter. Det minna han om kva Jesus hadde sagt til han, og han gjekk ut og gret sårt.

Tilsynsmannen var der og rørte ved Peter. Etter at Jesus sto opp att, møter han læresveinane i salen, og helsinga var: «Fred vere med dykk!» Peter sitt store møte med den oppstadne Jesus skjedde ved Tiberiassjøen. (Joh. 21,1 ff.) Jesus sitt spørsmål var: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» Tre gonger fekk han spørsmålet. Svaret tredje gongen var: «Herre du veit alt, du veit eg har deg kjær.» Jesus hadde tillit til han, kallet sto ved lag: Fø lamma mine. Gjet sauene mine. Fø sauene mine. Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid! Ser du Tilsynsmannen i ditt liv?

Eit lite utdrag frå ein song av Sveinung Hølmebakk:

«Du kan seia alt til Jesus, du kan leggja alt hos han.
Dine sorger har han bore. All di skuld har han betalt.
Han vil aldri gå ifrå deg. Han går med deg gjennom alt.»


Skrive av: Solveig Norheim