Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kjære misjonsvener!

Utgave 4, 2025.


Me står midt i eit stort arbeid for ILCT i Tanzania. Staben der står på for fullt, dei gjer eit fantastisk arbeid! Utfordringa vår er å ha nok midlar å senda ut til dei. Kvar månad har me sendt NOK 65 000. Me har hatt ein del pengar på kontoen til ILCT, mellom anna ein arv. Men behaldninga skrumpar etter kvart, då me sender meir ut enn me får inn.
Pr. 27.08 har me NOK 100 000 på kontoen. Då har me nok til september og halve oktober. Vår bøn er at me fortsatt må få ha midlar til å senda ut. Måtte me i ILCT Norge få stå saman om denne store oppgåva.

Stor takk til deg som har stått og står trufast med i givartenesta år etter år!

Kan me saman slå ein stor ring rundt ILCT sin økonomi no, dei treng oss både med forbøn og gåver!

Må Gud få velsigna gåvene og givarane!


Skrive av: Styret i ILCT Norge