Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Stort behov for ILCT si teneste mellom iraqwfolket

Utgave 6, 2016.


Vær helsa i vår Herre Jesu Kristi namn. ILCT feirar no sitt tiande år i arbeidet med å læra iraqwfolket å lesa, særleg dei som ikkje kan lesa og skriva frå før. Dei får no det privilegium å kunna lesa og skriva på stamme-språket iraqw og på swahili, nasjonalspråket. Målet er bærekraftig utvikling for iraqwfolket,

1) Fyrst og fremst å styrkja dei ved å kunna lesa og forstå Guds ord.

2) For det andre, å betra det sosiale og økonomiske livet til dei som er analfabetar.

3) Så dei kan høyra og lesa nyheiter og få informasjon og kunnskapar både på swahili og iraqw.

4) Og for det fjerde, å styrkja iraqwfolket, både menn, kvinner og born. Auka deira forståing for sin eigen kultur, og verdien av den. Sjå den i forhold til resten av landet og andre kulturar. Dette er fyrst mogeleg når dei lærer lesa og skriva iraqw og swahili.

I ti år har ILCT gjort ein stor jobb mellom iraqwfolket. Dei har arbeidd i det store området Mamaisara. Og ved Guds nåde har mange av Iraqwfolket, som før var analfabetar, no fått det privilegium å kunna lesa og skriva, takka vere ILCT.

Vi har sett både gamle og unge fått læra lesa og skriva, og endåtil svært mange unge drop-outs frå
barneskulen har kome inn att på barneskulen. Det er ei stor velsigning.

No har ILCT Tanzania Branch lagt ein plan. Vi har starta i Dongobesh, eit nytt område, for å forsetja å arbeide med leseopplæringa. Det vil forandra livet til endå fleire mellom iraqwfolket.

I dag, 17. september 2016, avsluttar det fyrste 3-dagars kurset, og dermed er vegen open for å starta
klassar i oktober i det nye området. Vi får oppmuntring frå staten. Dei set mot i ILCT, og dei utfordrar oss til å gå til endå fleire nye område.

Dette arbeidet som ILCT gjer, er den største faktoren i hjelpa staten får til å redusera analfabetismen. For tida arbeider ILCT saman med den Lutherske kyrkja, som har lova å støtta oss på ymse vis. ILCT har også klassar på staten sine grunnskular rundt Dongobesh. Dette er ei anerkjenning frå staten. Deira måte å støtta ILCT på er å halda klasserom for leseklassane.

Dei andre kyrkjesamfunna fortset med å gje oss klasserom i sine kyrkjer. Dette er eit teikn på at det er stort behov for ILCT si teneste mellom iraqwfolket. Og no, meir enn før, treng ILCT TB all den støtte dei kan få, for å kunne dekka det store behovet.


Skrive av: Richard Ngomuo