Då ILCT skulle starta leseopplæring for vaksne analfabetar i Mbulu, trong me tillatelse frå staten. Frøydis og Nora tok turen til kontoret til DC District Commissioner. Det tilsvarar omtrent det me kallar fylkesmann, og vedkommande er sendt dit av staten.
Denne dagen hadde Elias Gabriel Goroi det svært travelt, og kontordamene hadde fått streng beskjed om å ikkje sleppa nokon inn til han. Ei ruve med brev skulle lesast. Men då to gamle, utanlandske damer kom og ville snakka med Goroi, klarte dei ikkje å vera lydige. Damer med kvitt hår blir respektert! Dei slapp inn, samtalen vart lang og damene reiste derifrå med løyve til å starta leseundervisning i Mama-Isara. Då Goroi endeleg fekk tid til å lesa breva sine, var der eitt med sterk oppmoding om ikkje å gi etter for to gamle damer som ville komma til han!
Nora og Frøydis var i styret for ILCT Mbulu inntil staten forbaud utlendingar å vera med. Goroi vart med i styret ei tid etter at han vart flytta til eit anna distrikt, og han vart formann seinare. På styremøtet i vår, der også ILCT Norge var med, sa Goroi at han måtte trekkja seg grunna helsa, men at han ville fortsetja som rådgivar og medlem av styret. Dei fekk ikkje valt ny formann då, men ei tid seinare valde dei biskop Nicolaus Nzanganzelu, han som Nora hadde bedt om å ta seg av ILCT nokre dagar før ho døydde.
Goroi flytta heim til himmelen 10. juli 2025. Me er takksame for det han har gjort for ILCT Mbulu. Og me er glade for at ny formann var på plass. Nå i august har Haydoms Venner invitert han og kona Neema til Norge, i lag med to leiarar frå Haydom sjukehus. Då skal me få møta dei i Sandnes. Me er svært takksame for at biskop Nzanganzelu sa ja til å overta som formann i styret i Tanzania.
Han og dei andre der ute treng vår forbønn og vår støtte.
Bilete: Biskop Nicolaus Nzanganzelu og kona Neema