Det er ofte fest i klassane etter ni månader med undervisning i lesing, skriving og rekning. Elevane får utdelt vitnemål, bibel og katekisme. Ofte lagar dei kor og diktar takkesongar. Nå er det seks år sidan Frøydis var i Mbulu, men dei har skrive takk til henne for det ho starta opp. Dei brukar iraqw-namnet til Frøydis, som er /Awaakí og tyder «den kvite». Her er to slike songar frå Amani, Tumati, skrive på iraqw, omsett til swahili av Agnes og til norsk av Kjellfrid:
I dag er det ein stor dag med mykje glede.
Vår Herre Gud har gitt oss nåde.
Me kan lesa, skriva får me til, og rekning har me også lært.
Tonemerket forstår me, og den halve bokstaven klarer me òg.
Gud, velsign alle prestane som har bedt for oss.
Me ber for dykk at de fortset med denne tenesta: Å be for Guds born.
KOR:
Lærar /Awaakí, mamma, me takkar deg veldig. Løna di er førebudd i himmelen.
Agnes og Nicodemu, ver frimodige. Plass er førebudd i himmelen for dykk!
Gratulerer lærar Marseli, lærar Raheli og lærar Sulemani!
Løna dykkar er gjort klar i himmelen hos Gud vår far.
Me takkar deg Gud vår far, for din nåde og velsigning.
Du har ført oss fram til denne dagen. Takk! Takk!
Mange takk også til vår lærar og vår mor Frøydis fordi ho var lydig mot kallet frå Gud.
Ver velsigna, ver velsigna!
Me gratulerer lærarane våre frå kontoret og frå landsbyane for å la seg bruka i Guds åker.
Ver velsigna! Ver velsigna!
Til slutt sender me vår helsing med Ordspråka 4,13. Ikkje forlat lærdommen! Les! Les!
Plan for arbeidet i mai 2025
* 06.05 A-seminar (3-dagars kurs) Nazareti i Haydom sokn. Luthersk (KKKT).
* 08.05 Avslutning, Nazareti og Haydom.
* 13.05 Eksamen i KKKT, Mewadan.
* 15.05 Besøke klasse i pinsekyrkje, Garbabí og Dongobesh.
* 22.05 Eksamen i KKKT, Jordan i Haydom sokn.
* 29.05 Avslutning i KKKT, Mewadan.
* 31.05 Lærardag.