Mange helsingar frå alle som arbeider i ILCT Mbulu, Ujenzi og i barnehagen.
Alle har det bra og utfører arbeidet sitt som planlagt. Leseklassane går det også fint med, og for tida er det 23 klassar i aktivitet. Dei skal avslutta når dei har fått ni månader undervisning, og nokre har starta på siste fasen. Me har hatt avslutning med vitnemålutdeling i Bethania, som er tilknytta den lutherske kyrkja i Hare/abi.
Der var det 27 elevar fordelt på to klassar som fekk undervisning til forskjellige klokkeslett. Dei var flinke og dei viste stor glede på avslutninga. Evangelisten i kyrkja leia gudstenesta. Han las fint frå Ordtaka 12,1-2 på swahili. Deretter las ein elev det på iraqw, og han fortener lovord både for frimod og for lesinga.
Me har også vore med på vitnemålutdeling i ei pinsekyrkje i Kainam, Tumati. 16 vaksne fekk utdelt vitnemål og biblar. Til stades var presten deira, evangelisten frå ei nabokyrkje, eldste i kyrkja og ein leiar frå staten. Sistnemnde fekk koma med helsing, og han oppmuntra elevane: «Nå når de har fått vitnemål og Guds Ord, kan de vera føredøme for andre på ein god måte. Ikkje gi opp! Må Gud gi dykk styrke til å læra hans ord som gir evig liv!»
Etter at alle som var inviterte til å koma med oppmuntrande ord til elevane, hadde gjort det, tala representanten frå staten igjen. Han sa at når det blei val neste gong, kunne dei klara prosessen sjølve utan hjelp av andre, slik dei måtte før: «Nå kan de hjelpa dei som har problem med å lesa og fremma deira sak.»
Då me delte ut vitnemål i Amani-kyrkja i Tumati, var det svært mange som kom til gudstenesta. Tre prestar møtte opp, - Danieli Faraa/áy som er sokneprest i Endoji, Marsel Daniel frå Tumati og ein frå pinsekyrkja DNPC. Frå staten møtte landsbysjefen for Endesh og vikaren for ein høgare statleg leiar, som viste seg å vera kona til landsbysjefen. Kyrkja vart heilt full og fleire måtte stå. Me vart svært oppmuntra av å oppleva slik ein dag med mykje glede. Guds velsigning var med oss. Me køyrde begge vegar utan vanskar.
Gud vere lova!
Ordtaka 4,13: «Hald alltid fast på det du har lært, ta vare på det, for det er ditt liv.»