Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Februar-brev frå Mbulu

Utgave 3, 2025.


Me helsar dykk i Jesu Kristi namn og håpar at de alle har det bra!

Nå vil eg fortelja om to elevar som flytta heimanfrå til stader i Dongobesh-området for å få gå på skule og læra å lesa. Dette var etter 2017. Elevar kom frå Haydom, Maghang, Maretadu, Basotu og Singida.

Nokre reiste frå familien, - frå kone, barn og dyr, andre reiste frå foreldra. Ein av desse var ein ungdom frå Maretadu. Han drog til Qaloda, fekk bu i kyrkja der og var med på undervisninga. Tidvis budde han i prestebustaden saman med presten Yusto Madangi. Denne ungdomen var ein flittig student. Han hadde reist rundt som evangelist til ulike stader og forkynt. Då var han avhengig av at andre las frå Bibelen for han. Han hadde eit sterkt ønske om å dela mykje frå Guds Ord med folk.

Etter at han begynte på timane i Qaloda prøvde han tidleg å lesa Bibelen både på swahili og iraqw. Nå gjer han det jamleg der han reiser omkring og forkynner. Han har også stifta familie. Eg har snakka med han i telefonen, og han takkar svært for undervisninga han har fått. Han oppmodar til å fortsetja dette opplegget, sidan det er til hjelp for mange. Særleg har det blitt til styrke for dei som les og får høyre Guds ord på stammespråket iraqw. Når han møter andre som også har iraqw-bibelen er det til stor velsigning i tenesta hans. Nyleg var eg i Secheda for å starta ein ny klasse, og presten der oppmoda elevane sterkt til å lesa Bibelen på sitt eige språk: «Ikkje slutt med å dela Guds Ord på iraqw, for det er lett å forstå.» Han sette mot i elevane og sa dei ville klara å læra lesekunsten.

Ei jente som budde i Maghang flytta til slekt i Tumati og begynte på lesekurs i baptist-kyrkja i Endesh. Ho tok kurset to gonger og lærte mykje. I mai i fjor trefte eg henne under vitnemålutdeling i Getanyamba. Då ho såg meg, kom ho springande og omfamna meg, takka og gratulerte for at me hadde brakt lesekursa til heimplassen hennar også. Ho gret av glede og ba Gud velsigna oss. Ho var inderleg glad, og eg spurde kva ho nå gjorde etter å ha lært å lesa og fått Bibelen. Ho fortalde at ho sydde klede og at ho hadde sydd kjolen ho hadde på seg. Den var verkeleg fin. Dette gledde meg, og eg ønska at alle elevane ville oppnå å kunna lesa og læra andre ting i tillegg. I dette arbeidet ser ein frukter over alt. Me kan ikkje fortelja om alt på kort tid. Overalt der eg kjem møter eg gledelege ting frå dei som studerte tidlegare og frå dei som er i klassane nå. Hjarteleg takk! La oss fortsetja å be for utdanningsopplegget, at det må nå ut til dei som treng det.


Skrive av: Agnes Philipo