Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Jesus i Getsemane, for deg!

Utgave 3, 2025.


I Matteusevangeliet 26,36-45 fører teksten oss rett inn i Getsemane. Her hadde Jesus ein av sine største kampar. Jesus visste kva oppgåve han hadde frå han vart fødd. Joh.3,16: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne,…». I heile sitt liv hadde Jesus dette for auga.

Derfor gjekk han ein dag ned til Jordanelva og fekk Johannes døyparen til å døypa seg. Himmelen opna seg, og ei røyst frå himmelen sa: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.» Matt.3,13-17

Her vart Jesus, syndebæraren, syndebukken. 3.Mos.16,20-22

Det er han me møter i Getsemane. Jesus tek vår synd på alvor. Legen Lukas skildrar Jesu kamp på ein heilt spesiell måte. Luk.22,41-44: «Han sleit seg frå dei så langt som eit steinkast, og fall på kne og bad: «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil.» Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han. Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som blodsdråpar ned på jorda.» For ein grenselaus kamp!

Me les om Abraham i 1.Mos.22,1-17. Gud hadde lova han ei stor ætt, ja, så tallrik som stjernene på himmelen og sanden ved havet. På sine gamle dagar fekk han ein son, Isak. Så ville Gud prøva han. Oppgåva var å ta Isak med seg til Morialandet og ofra han. Kva med stjernene på himmelen og sanden ved havet? Men Abraham og følgjet hans går i tre dagar. På vegen opp mot Moriafjellet ser me Abraham og Isak med elden og veden. Isak grublar og spør til slutt faren: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er offerlammet?» Abraham har nok sin kamp, men svarar: «Gud vil nok syta for offerlammet.»

Då altaret var bygd, la Abraham sin eigen son, bunden, på altaret og heva kniven. Men då lydde røysta frå himmelen: STOPP!!

I Getsemane-hagen gjekk ikkje stopp-alarmen frå himmelen, men Jesus fekk styrke til å fullføra oppgåva. For ein Gud og Frelsar me har! Jesus kunne ropa frå Golgata: «Det er fullført!» Jesus gav livet sitt for oss, men han tok det også tilbake for oss! Tenk, me har ein levande Frelsar!

«Å salige stund uten like, han lever, han lever ennu!»

I Getsemane av Haldis Totland Reigstad Skjelvande av angst kasta du deg ned, himlens vreide loga i Getsemane. Du Guds offerlam, full av syndesår, audmjukt bøygde du deg under børa vår. Knust av skyhøg skuld kjempa du på kne, sveitte rann som blod der i Getsemane. Vi fór alle vill, vi gjekk kvar vår veg, straffa for vår syndeskuld vart lagt på deg.

Med ditt reine blod kjøpte du oss fred,
sigra for oss alle i Getsemane.
Løyst frå dom og død jublar sjela ut,
prisar deg som gav oss barnerett hjå Gud.


Skrive av: Solveig Norheim