ILCT samarbeider med mange kyrkjesamfunn. Dei gjev oss lov å bruka kyrkja til klasserom og ILCT bidreg til vekst og fornying hos dei.
Vi inviterte leiarane i desse kyrkjene til eit møte 8. desember, for å kunne fortelje dei om kva planar ILCT hadde for 2017. Det vart eit gjevande møte. Og vi hadde tre store saker å snakka om, som overraska dei alle.
a) Vi opna for vidare samarbeid med leseopplæring i Dongobesh området. Noko som inneber tilbod om filmframsyning, seminar og leseopplæring for medlemene deira som ikkje kan lese og skrive.
b) Orientering om at ILCT skulle starte opp Mor & Barn Senteret i 2017.
c) Nytt opplag av Iraqwbibelen kjem til Mbulu i mai.
Er det verkeleg sant at Iraqwbibelen skal tyrkkast opp igjen? Er trykkingsprosessen alt i gang? Kan vi stole på dette? Alle andre prosjekt var gløymde og uaktuelle å snakka om i dag. At Iraqwbibelen kjem i sal att mai 2017, overskygga alt anna som var på agendaen denne dagen. Då diskusjon om distribuering, pris og liknande hadde stilna, kom det eit uventa spørsmål: « Er dette siste gongen
Iraqwbibelen vert trykt opp igjen?». Møtet vart avslutta med forbøn for trykkingsprosessen og for alle dei som hadde vore med å gjort dette økonomisk mogeleg.
Med desse tre store prosjekta vert året 2017 verkeleg eit minnerikt og spesielt år. Kan vi greie enno eit år til? Saman er vi sterke, vår veikskap til trass. Kjære medarbeidarar! TAKK for godt samarbeid i 2016.