Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Noreg på langs

Utgave 2, 2025.


No er det vel eitt år sidan eg bestemte meg for å gå Noreg på langs. Eg har vore på lange vandringar tidlegare også: Pilegrimsvandringar til Røldal, til Santiago de Compostela (etappevis) og til Nidaros. No var eg klar for ein enda lengre tur, gjennom heile Noregs land. Det vart difor mykje planlegging førre vinter og vår: Eg måtte gå meg i form til lange dagsetappar, eg måtte planlegga ruta, ordna med permisjon frå jobb, skaffa lett turutstyr og laga klar matdepot. Det vart i grunnen litt vel mykje fokus på alt som skulle gjerast for at eg skulle komma meg på tur. Eg fekk eit sterkare og sterkare ynskje om at andre også skulle få gleda av at eg skulle gå Noreg på langs. Kunne turen kombinerast med ein innsamlingsaksjon?

Eg har vore lærar på Tysnes i 35 år, dei siste åra ved Uggdal skule. Denne skulen hadde julekonsert i ei årrekkje, der dei gav kollekten til Frøydis Nordbustad sitt arbeid hos Iraqw-folket i Tanzania. Det er nesten uverkeleg å tenkja på at ei Tysnesdame reiste til Afrika i ung alder, fekk kontakt med eit folkeslag utan skriftspråk og gjennomførte det omfattande arbeidet det er å laga eit eige skriftspråk til dei. Heile Bibelen har ho omsett - det er jo eit heilt bibliotek! I tillegg har ho stifta barnehage, skule og lærarskule. Dette er verkeleg noko me på Tysnes kan vera stolte av. Då eg las i Glytt at ILCT trong pengar til trykking av nye lærebøker, så visste eg kva eg skulle samla inn pengar til. Som lærar veit eg kor viktig det er med lærebøker, og ikkje minst lærebøker på elevane sitt eige språk. Det er difor ei æra for meg å få gje eit lite bidrag til det store arbeidet som Frøydis starta, og som Nora Klungseth også tok del i gjennom mange, mange år.

Den evna dei har vist til å vera trufaste i tenesta og uthaldande i arbeidet, imponerer meg storleg.

Eg er veldig glad i å gå på tur, og eg er glad i å vera ute i Guds skaparverk. Dei fleste går vel tur fordi det gjer godt for både kropp og sjel, og turen er eit avbrekk i kvardagen.


For meg vart dette heile kvardagen i to månader. Eg starta 17. mai på Nordkapp og enda opp på Lindesnes 17. juli. Det var ikkje noko 17. mai-tog på Nordkapp, men det vart no litt feststemning likevel. Eg hadde nemleg med meg opptak av nasjonalsongen som skuleelevane øvde på før eg reiste nordover. Flagget var med på sekken, og eg fekk rømmegraut etter endt dagsetappe.

Det var midt i vårløysinga, med mykje smeltevatn. Det var for mykje snø til å gå til fots i terrenget og stort sett for lite til å gå på ski, så eg var førebudd på å følgja bilveg dei første vekene. Den største fordelen med det var at eg då fekk følgje med mannen min, Lars, i bubil. Då hadde eg lettvint overnatting den tida. Sidan vart det overnatting i telt og i hytter.

Det var ei fantastisk oppleving å få vera så mykje ute, dag etter dag. Då måtte eg ta i mot det vêret eg fekk, og eg fekk prøvd det meste; sol, skyer, regn, snø, vind, skodda, lyn og tore. Å få sjå så store delar av landet vårt gjev meg stor gleda; fastland og øyar, hav, fjordar og fjellvatn, fossar, elvar og bekkar, fjell og vidder, stein og ur, snøfonner og myr. Naturen vår er rett og slett eit fantastisk skaparverk, og dette skulle eg vera i og oppleva i to forsommarmånader.

Ruta mi gjekk over fjell og ned i dalar. Det førte til at eg fekk møta våren på ny gong etter gong. Eg fekk oppleva vårblomane som kom meir og meir i bløming, bjørka med knoppar, så grøne blad, og etter kvart tok grønt gras, bregnar og sommarblomane over i låglandet.

Eg hadde eit mål for kvardagen på tur som eg gjerne vil dela vidare: Eg skulle kvar dag finna noko eg kunne gleda meg over, same kva vær det var og uansett dagsform. Det kunne vera nydeleg utsikt, sølepyttar etter regnvêr, fine blomar, fuglar eller reinsdyr, ei god skive med egg og makrell, ein kopp kakao eller ein kvil i sola. Dette er ei innstilling og eit fokus som hjelper gjennom både gode og tyngre dagar - slik kvardagane kan variera om ein er heime eller på tur.

Sjølv om dette ikkje var noko pilegrimsvandring, fekk eg oppleva at Gud var med meg, at han gav meg styrke kvar dag og leia meg fram - heile Noreg på langs.


Skrive av: Åse Enes