Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Minnehelsing frå Tanzania 2

Utgave 1, 2025.


Eg personleg vil uttrykkja stor medkjensle med søsken, familie og slekt til vår kjære Mamma Nora Klungseth, som Gud nå har kalla frå dette livet. Då eg først høyrde om dødsfallet, klarte eg ikkje å gjera nokon ting. Men seinare fekk eg styrke frå Guds Ord, det som har trøyst for alle hjarte. Nora har vore eit menneske full av glede overfor meg og familien min og i arbeidet for ILCT.

Ho har verkeleg vore ein bauta. Må Gud gi henne ein fin stad i himmelen!

Eg veit ikkje kva meir eg skal seia. Må Gud hjelpa oss alle! Mitt håp er at Gud har tatt imot henne med glede, slik ho viste kjærleik mot alle. «Herren gav, og Herren tok,

Herrens namn vere lova!» Amen.


Skrive av: Agnes Philipo