Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kondolansebrev og takk frå Mbulu bispedømme

Utgave 1, 2025.


K.K.K.T. DAYOSISI YA MBULU (Evangelical Lutheran Church in Tanzania, Mbulu Diocese) 8/1-25

Kjære alle i familien til Nora Klungseth, venner, ja, alle saman!

Må freden frå vår Herre Jesus Kristus vera med dykk alle!

Bispedømmet i Mbulu tok med sorg imot bodskapen om at Mamma Nora Klungseth var kalla heim til himmelen.

Vi sender kondolansehelsing til dykk alle; til familien, til venner og til alle som er berørte av dette dødsfallet. Må Fredens Gud trøysta og styrkja dykk i denne sørgjetida, klagetida og i gravferdsgudstenesta.

Mamma Nora brukte mykje tid saman med Frøydis Nordbustad i teneste for innbyggjarane i Mbulu fylke og for andre her i Tanzania. Ho viste Guds kjærleik til folket med stor iver, og ho spreidde evangeliet på mange vis, slik som:

* Å førebu visning av Jesusfilmen til kristne og ikkje-kristne.
* Å leggja til rette for at iraqw-folket kan få lesa Bibelen på sitt eige språk.
* Å oppretta klassar for dei som ikkje kan lesa og skriva.
* Å dela Guds ord i møte med forskjellige kyrkjesamfunn for å styrkja dei kristne der, og å forkynna Ordet for dei som ikkje er kristne, slik at dei kan læra Jesus å kjenna.
* Å gi iraqw-biblar og -katekismer til dei som fullfører kurs og klarar eksamen i lesing og skriving.

Mamma Nora og Mamma Frøydis bygde hus og kontor her i Mbulu by med hjelp frå styret i ILCT (Iraqw Språk- og kulturstifting). Saman med ILCT-styret samla dei inn pengar til å trykkja biblar, katekismer og lesebøker på iraqw. Dei starta også barnehage, slik at barn kan få læra medan foreldra er på arbeid.

Det er verkeleg utruleg mykje Mamma Nora har gjort i si teneste for Gud og folket her i Mbulu og landet vårt Tanzania.

Tre dagar før ho døydde ringde ho til meg, biskop Nicolaus i Mbulu bispedømme, og sa mellom anna: «Eg er veldig sjuk og har ikkje lenge att å leva, men eg trur på Jesus og eg skal fara til Jesus og leva med han. […] Eg takkar Mbulu bispedømme for å arbeida saman med ILCT med kjærleik. […] Eg ber om at arbeidet med å læra folk å lesa Bibelen og undervisa i Guds Ord må halda fram, og at folk må få biblar og katekismer. […] Folk som ikkje kan lesa og skriva må bli underviste, slik at dei får utdanning til hjelp i livet sitt. […] Eg går nå til himmelen for å kvila.»

Visjonen til bispedømmet her i Mbulu er:

* Å fortsetja det arbeidet som Mamma Frøydis og Mamma Nora har starta.
* Å be om kontakt med Det Norske Bibelselskap, styret i ILCT Norge og andre med same innstilling som Mamma Nora og Mamma Frøydis, slik at folk fortsatt kan få læra å lesa Bibelen på sitt eige språk. Når dei kan lesa og skriva både swahili og iraqw blir dei opplyste, menneskeleg og andeleg. Dette arbeidet trengst her framleis, for det er mange rundt om i Haydom- og Hanang-området, og i Babati fylke, som treng opplæring.

Nora etterlèt seg tydelege spor: I kyrkja, blant folk og andsynes styresmaktene i Tanzania. Tenesta hennar, kjærleiken og gjestfridomen rørte mange. Mamma Nora vil bli svært godt hugsa her i Mbulu takka vere arbeidet ho utførte.

På vegner av dei kristne her i Mbulu bispedømme og teamet for kontorleiinga i Mbulu bispedømme, ber eg Gud trøysta og oppmuntra og gi sin fred til Nora sin familie og alle vennene!

«…Herren gav og Herren tok; Herrens namn vere lova!» (Job.1,21)

Dykkar i Kristus,


Skrive av: Biskop Nicolaus Nsanganzelu