Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Mor & Barn Senteret

Utgave 1, 2017.


Den 4. januar tilsett vi ein førskulelærar, Bertha L. Kitundu, frå Singida.

Ho har gått på den lutherske kyrkja sitt Monessori trening senter i Moshi i 2 år. Bertha er 30 år. Som assistent har ho fått med seg ein av våre beste lærarar frå Mamaisara, Monica. Ho har vore lærar hos oss i 9 år, er 5 barnsmor. No er ho blitt vekependlar. I veka bur ho og minstebarnet på 3 år hos slektningar nær by’n. Bertha og Monica vil ha to grupper. Ei gruppe om føremiddagen for unge mødrer som ikkje kan lesa og borna deira, og ei gruppe frå kl. 12.30 for unge mødrer som har gått litt på skule frå før.

Då den nye DED (fylkesrådmann) høyrde om planane vart han svært glad. Han sa: «Desse mødrene er barn som har mista alt. Deira framtids draumar og håp er knust og lagt i grus. De må gje dei tilbake livsmotet og håpet om ei framtid for seg og det vesle barnet dei så uforskyldt har fått. Gud velsigne ILCT og alt de gjer.» Og DC(fylkesmannen) sa seg samd i det. Vi vil leita etter måtar å hjelpa dykk på, sa dei begge to, på møtet vi hadde med dei førre veke.

Men mykje arbeid står at før vi kan opna dørene for desse borna. Fagplanen må finpussast og godkjennast og faglærarar må vera på plass først. Eit stort jordskjelv har laga ein stor sprekk i golvet på eine klasserommet, og det må utbetrast før klasserommet kan takast i bruk.

Bertha og Monica gler seg veldig over at dette no ser ut til at vi snart kan fylle huset med barn og barnelatter. Dette har vi sett fram til lenge. Guds timeplan og vår stemmer ikkje alltid. Gud hadde tid til å venta på Bertha,. Ho var ferdig utdanna førskulelærar i desember 2016.

Bilde1 : Bertha, Nora, Richard


Skrive av: Nora Klungseth