Gud gav meg kallet, og eg sa ja. Saman med kallet fekk eg to lovnader frå Gud.
Han skulle gå med meg, og eg skulle få medarbeidarar som både hadde vilje og evne til å gjere allslags arbeid. Og eg fekk det. Jamfor 1. Kor. 28: 20-21.
I alle desse 60 åra har eg fått medarbeidarar som Gud har utrusta med vilje og evne til å gjere det arbeidet som trongst til ei kvar tid. Saman gav vi iraqwfolket bibelen på morsmålet, men kva skulle dei med ein bibel dei ikkje kunne lese? Vi kunne ikkje stoppe der. Kallet dreiv oss vidare til leseopplæring. Saman har vi lukkast ved Guds hjelp.
”Eg vil gjera deg vis og læra deg den vegen du skal gå, eg vil la mitt auge kvila på deg og gje deg råd.” Sal. 32: 8.
Takk for godt samarbeid gjennom mange år, men vi kan ikkje stoppa no heller. Oppdraget er ikkje fullført. Kallet har du allereie fått.
«Høstens Herre,
når du sender dine ut i arbeidsdrakt,
noen helt til jordens ende, andre inn i bønnevakt
-går de alle i det kallet du på hver av dem har lagt.
Der er de som gikk seg trette av den motstand verden gav.
Herre, du må gjenopprette mot som tvilen ødela.
Si til alle som fikk kallet: “Det var meg du fikk det fra!”»
Tekst: Bjørn Braun (1968)