Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Minneord frå Frøydis sin familie

Utgave 1, 2025.


Alle vi tre søskena var med i arbeidet med Støttegruppa for Iraqw-prosjektet på ulike vis. Gjennom dette samarbeidet fekk vi oppleva Nora som ein utrøytteleg støttespelar for Frøydis sitt omsetjingsarbeid. Ho var den drivande krafta i oppbygginga av organisasjonen for dette arbeidet, både her heime og ute i Tanzania. Ho dreiv heile tida nettverksbygging for å samla midlar, og ho heldt trådane samla gjennom personleg kontakt og gjennom organisasjonsbladet.

Eg er særleg takksam for den store opplevinga ho gav oss ved å invitera syster mi, Gunvor, og meg til den store festen i Tanzania då iraqw-Bibelen var ferdig i 2004. For oss som var gjester organiserte ho turar og omvisingar, medan ho sjølv fór frå møte til møte for å førebu det store arrangementet. Vi såg at Nora var høgt verdsett og respektert av alle. Festen vart ei overveldande oppleving. Folk kom strøymande langs alle vegar og samla seg på ei stor slette i fargerike klede. Ei rekkje høgtståande representantar frå kyrkjene og styresmaktene var til stades og tala.

Sjølvaste statsministeren i Tanzania kom i helikopter for å helsa.

Det var jublande song og stor glede. Eg trur at Nora var ein pådrivar bak heile opplegget.Gunvor sa ein gong at Nora liksom bygde eit hus kring Frøydis, slik at ho kunne få utføra den store oppgåva si. Nora stod ved Frøydis si side i eitt og alt gjennom mange år. I alt Nora sa og skreiv oppmuntra ho oss til å ha tillit til Gud og fremja hans sak ved å støtta Frøydis sitt arbeid.

Vi som fekk samarbeida med henne, vil aldri gløyma henne. Minna lever i oss og er til påminning om at Gud gir styrke og kraft til å stå i striden, trass sjukdom og vanskar.

Vi vil takka for det omfattande og oppofrande arbeidet Nora la ned, og særleg for den store omsorga ho hadde for Frøydis, syskenbarnet vårt.

Vi er takksame for alt Nora var og alt ho gav oss.


Skrive av: Gunvor Grødem, Ingmar Lid, Ingeborg Askeland