Mamma hadde eit rikt liv. Uvanleg rikt. Sjølv heilt til det siste deltok ho på møter kvar veke gjennom internett. Det var først i det siste leveåret hennar, 86 år gammal, at ho ikkje hadde hovudansvar for noko lenger. Dette året jobba me med å overføra styreleiarrolla hennar til ein ny styreleiar. Mamma, saman med Frøydis Nordbustad, grunnla det som i dag heiter Iraqw Language and Culture Trust (ILCT), ei stifting, organisasjonen som er nemnt i dødsannonsa. Denne organisasjonen samlar inn støtte til leseopplæringsaktivitetar i Tanzania. Mamma, saman med Frøydis, har vore primus motor for ein lærarskule med 35 lærarar og ein barnehage med 7 lærarar i Mbulu-distriktet i Tanzania. Skulen byggjer på arbeidet til Frøydis Nordbustad som utdanna seg til språkforskar og reiste ut som 24 åring. Ho skreiv ned kulturhistoria til Iraqw-stamma, – ei stamme på nokre millionar menneske – og laga skriftspråk til dei. Mamma og pappa blei nære venner med Frøydis, og vår familie blei òg hennar familie. Ho er som ei mor nummer to for oss alle.
For Iraqw-folket er desse to, mamma og Frøydis, som Ivar Åsen og Asbjørnsen og Moe er for oss her i Norge. Barnehagen, som ILCT driv vidare, er den mest populære barnehagen i Mbulu. Der får ungane læra den lokale kulturhistoria og skriftspråket før dei kjem på skulen. Lærarskulen er den einaste skulen som trenar lokale folk til å reisa rundt i sine bygder for å læra analfabetar å lesa, skriva og rekna. Alle lærer to språk, nasjonalspråket swahili og sitt eige stammespråk, iraqw. I tillegg lærer dei å rekna. Alt dette lærer dei på 9 månader. Det er få andre i verda, om nokon, som kan visa til slike resultat. Og dette arbeidet var deira engasjement som pensjonistar.
Frøydis kom i kontakt med Nora og Erling på 1970-tallet, etter anbefaling frå felles venner og med beskjed om at det var godt å vera hos dei om ein trengde kvile. Frøydis hadde jobba i Tanzania sidan 1957. Då ho kom til Årdal var ho i sluttfasen av eit stort arbeid; omsetjinga av Nytestamentet til iraqw. Ho sleit med tropisk sjukdom og sat og jobba med siste ‘finish’ på nokre bokverk.
Mamma syntest det var så fælt å sjå kor Frøydis streva, og ein dag sa ho: «Skulle ønska eg kunne hjelpa deg, men eg kan ikkje noko av dette du jobbar med.» Frøydis var rask med å svara: «Jau, du kan hjelpa, om du vil. Sjekk om det er stor bokstav etter kvart punktum.» Det tok ikkje lang tid før Frøydis blei del av vår familie. Samarbeidet utvikla seg og blei djupare, og etter kvart lærte mamma enkelte ord og kunne hjelpa meir til.
På 80-tallet vaks me opp med ei mor som starta bedrift. Etter kvart var nysgjerrigheita på kjemi og reinhald stor nok til at ho ein dag spurde sjefen på det lokale samvirkelaget om ho kunne få teste ut nokre teoriar på lagergolvet hans. Han svara: «Ja, om du tek over mine to reinhaldarar, skal du få lov til det.» Mamma tok utfordringa og starta først reinhaldsbyrået Miljøservice. I starten dreiv ho byrået i kombinasjon med utsal av kinaporselen, kinasåper, nokre kristenbøker og videoutleige. Ho starta òg med å skriva ned det ho hadde lært om kjemi og reinhald og utvikla fagopplæring i reinhald. Verksemda vart så delt i to. Reinhaldsbyrået blei skild ut frå skulen og fekk namnet Årdal Reinhaldsservice (ÅRS), medan Miljøservice forsette som ein rein fagopplæringsskule. Fagopplæringsskulen tok etter kvart av og førte til at ho i min ungdom reiste land og strand rundt og heldt fagopplæring, – bestilt av kommunar for anten eigne reinhaldarar eller for arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje var i jobb.
Det er òg folk i Vik i Sogn som har deltatt i denne opplæringa. Frøydis jobba også her i bedriftene, og det same har fleire av oss ungane gjort. Etter nokre år reiste Frøydis ut igjen til Tanzania. I samband med det blei Støttegruppa for Iraqw-folket, no ILCT, oppretta.
Dei siste dagane på sjukehuset gjekk det raskt nedover. Då Nora Johanne kom dit, kunne ho fortsatt snakka. Ho hadde stor omsorg for Tanzania. Denne siste tida hadde ho strevd med å overføra lønningane til lærarane der, men på sjukeleiet fekk ho hjelp med overføringa og sikra at det nye styret kunne fortsetta med å få dette til.
Før ho døde bekrefta me at pengane var på veg. Ei av dei aller siste og lengre samtalane mor hadde, var med Tanzania ein tidleg morgon frå sjukesenga. Ho såg klokka mi og at den var 7 på morgonen. Så sa ho: «Ring biskopen.». Eg svara: «Klokka er sju på morgonen!» «Ja, då er ho 9 der ute. Ring.». Eg fann fram internett-telefonen hennar og ringde biskopen. Dei snakka i ca. 4 minutt. Ho sa: «I am on my way to heaven now. Please take care of the Bible project.”