Eg helsar dykk kjære i Jesu namn.
Her vil eg fortelje litt meir om barnehagen vår. Der er to grupper; ei på 30 born som blir levert av føresette ved porten om morgonen. Der signerer dei og kjem så tilbake klokka 12 for å henta borna. Når desse går, kjem det ei ny gruppe på 30 som hentast seinare på dag. Det er ei stor glede for lærarane å leika med dei, syngja og lesa saman med dei. Ungane er delte inn i grupper avhengig av alder og utvikling. Eit grautmåltid er fast innslag medan dei er i barnehagen, og lærarane hjelper til og ber grautporsjonar til klasserommet. Borna likar godt denne grauten vår, som er laga av kveite, mais og sukker.
Ein grunn til glede er at foreldra set så stor pris på den oppsedinga borna får i barnehagen. Dei får også opplæring i Guds Ord. Kvar dag når dei kjem, høyrer dei Guds Ord, dei syng, dei lærer bønn, dei reknar, dei les og lærer litt engelsk. Dei leikar og brukar huska med stor glede og iver.
I november vart lærarane i barnehagen, - Bertha, Monica, Martina, Selina, Tumaini, Selina og Agnes -, kalla inn til seminar om barneutvikling og -opplæring. Det viktige var å læra korleis ein skal vera saman med barnet heilt frå første levemånad fram til vaksen alder. Det var veldig kjekt å få dette seminaret, sidan det passa så godt inn i oppgåvene deira. Lærarane har ei veldig viktig rolle, og borna stolar ofte meir på desse vaksne enn på andre. Om tre månader skal dei få vitnemål for kurset frå utdanningsdepartementet. Å endeleg få papir på at dei er godkjende barnehagelærarar, er noko dei har venta på lenge. Me takkar Gud for dette, sidan det var eit sterkt ønske frå lærarane våre.
Me vil takka alle som har bedt for oss i vårt strev i 2024. Det er Gud som har gjort det mogleg, han som dyktiggjer oss, gir oss helse, krefter og det me treng. Fredag 6. desember er det høgtideleg vitnemålutdeling til dei som er gamle nok til å begynna på barneskulen. Det blir ein gledens dag for foreldra, sidan barna deira har lært å lesa og skriva. Me gratulerer dei for godt arbeid! Må Gud passa på dei til dei startar eit nytt skuleår! Må dei lukkast og gjera det bra!
Mange takk alle de som gir pengar til ILCT sitt arbeid! Må Gud gi dykk eit langt liv saman med han!
Hjarteleg takk! Eg helsar med dette verset frå Ordtøka 16,3: «Legg alt du gjer i Herrens hand, så skal planane dine lukkast.»