De kjære i Jesus Kristus, - Frøydis, Nora, Solveig, Inger Lise, Kjellfrid, Nora Johanne, og alle i Norge som støttar ILCT. Herren Jesus vere lova!
Alle me som arbeider i ILCT i Mbulu har det veldig bra. Det går fint med undervisninga av iraqw-talande personar som ikkje kan lesa og skriva. Me hjelper òg dei som meistrar lesekunsten, slik at dei også skal kunna lesa sitt eige iraqw-språk.
Leseklassane i Dongobesh og Haydom har hatt stor framgang dette året. Barnehagen i Mbulu fortset som før, for born frå fire til seks år. Der er 60 born, 30 på føremiddag og 30 på ettermiddag.
Me i ILCT i Mbulu sender stor takk til dykk i Norge for all pengehjelp! Utan denne store støtta hadde det vore svært mange som mangla lese- og skrivekunnskap her. Dei som har fått læra, kan nå gleda seg over å lesa og skriva sitt eige språk. Det er stort for dei å få lesa Bibelen på iraqw og forstå kva dei les!
Samtidig som me takkar for all hjelp, fortset me å be om støtte til meir leseopplæring. Klassane held fram, både i Dongobesh- og Haydom-området. Der er det mange som ikkje kan lesa, så me treng dykkar omsorg i forbønn og i gåver.
Hjarteleg takk for hjelpa til å trykkja opp att leseboka, som nå er ferdig i 10 000 eksemplar! Gud velsigne dykk!
Til slutt vil eg ønska alle ei God Jul og Velsigna nytt år 2025!
Salme 133,1-3: «Sjå, kor godt og fagert det er når brør bur fredeleg saman! Det er som når dyr olje på hovudet renn ned i skjegget, renn ned i Arons skjegg og over saumen på hans kjortel. Det er som når dogg frå Hermon fell på Sions fjell. For der gjev Herren velsigning og liv til alle tider.»