Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå Mbulu 1

Utgave 6, 2024.


Eg helsar dykk i Jesu Kristi namn!

Her har me det bra og arbeidet går godt. Me takkar Gud for hans vern i alt vårt arbeid.

I august reiste me til Arusha for å få trykt Lesebok 1 på ny, og 2250 bøker var ferdige den 24. oktober. Me reiste og henta dei og delte ut til lærarane som var klare til å undervisa nye klassar i Madunga, Dakwhhasangw, Mamagi, Dakwnaari og Jordani, som ligg i Haydom-området. Nå er heile trykkeprosjektet i hamn, dvs. 10 000 nye eksemplar av Lesebok 1! Me takkar Gud for dette store arbeidet!

Dei som jobba på trykkeriet gjorde det med glede og iver. Det såg eg sjølv då eg besøkte arbeiderane der.

Me planlegg tredagars lesekurs i iraqw for lesekunnige i landsbyen Qameyu i Bashnet sokn. Etterpå skal det opnast ny klasse der for analfabetar.


Til slutt vil eg takka alle som ber for oss kvar dag og særleg hugsar køyreturane våre. Nå nærmar me oss slutten på dette året. Me vil starta det nye året i Jesu namn. Må alt som blir gjort vere
under Hans velsignande hender! Takk for praten! Må Gud alltid verna og ta vare på dykk i sitt namn!

Helsing med Salme 46,12: «Herren, Allhærs Gud, er med oss. Jakobs Gud er vår faste borg. Sela.»

Bilete: KKKT YUDEA USHARIKA WA SECHEK


Skrive av: Agnes Philipo, oversatt av Kjellfrid