Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Guds gåve

Utgave 6, 2024.


«For eit barn er oss fødd, ein son er oss gjeven. Herreveldet er lagt på hans skulder. Han har fått namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste.» Jesaja 9,6

Det er vel ingen som har fått så mange namn og roller som Jesus. Og kvart namn betyr noko heilt spesielt. Helsinga Josef fekk var: «…du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå
syndene deira.» Matt. 1, 21

Underfull rådgjevar

«Kven bankar så varleg i kveldsstille fred, på ditt hjarte?» (Lina Sandell)

Ja, kven har vel ikkje høyrt han banka? Du høyrde kallet til frelse. Han spurde om du ville gå ærend for han til nokon som trong han? Oppgåvene i Guds rike er mange og varierte, både heime og ute. Han gir deg råd og rettleiing i livet sine mange val. Ja, han var der og er her. Han vil oss noko, og berre du veit kva han vil med deg, i din kvardag.


Veldig Gud

Han skapte himmel og jord med alt som rører seg her. Berre sjå på stjernehimmelen, blomane, fuglane, dyra osv. Men mest fantastisk av alt, han skapte oss menneske i sitt bilde. Tenk på kroppen din som er så finurleg og meisterleg laga!


Evig Far

Gud gav ikkje opp menneskeætta, sjølv om det skar seg i Edens hage og synda vart ein realitet. Gud sette alle krefter inn for å betala skulda vår og gjenoppretta kontakten. Då tida var fullkommen, sende han Jesus for å frelsa oss. Joh.3,16: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»


Fredsfyrsten kom!

Ikkje underleg at det vart englesong for hyrdingane på Betlehemsmarka! Lukas 2,14: «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i.» Frelsaren Jesus kom, han betalte prisen og bestod prøven. Det siste han sa då han hang på krossen var: «Det er fullført.» Det fyrste han sa til læresveinane etter oppstoda var: «Fred vere med dykk.» Berre Jesus kan gi oss denne freden, - fred med Gud.

«Så la oss gå med stille sinn som hyrdene til barnet inn. Med gledestårer takke Gud for miskunnhet og nådebud.» (Det kimer nå til julefest)


Skrive av: Solveig Norheim