Mange nye og spanande ting og utfordringar ligg framføre oss i 2017. Planen var å starte opp Dongobesh området i oktober/november, men ting tar tid også i Tanzania.
Klasserom, overnattingsrom med kjøkken o.s.v. måtte ordnast før lærarane kunne kome. Dei er vekependlarar og må ha gode arbeidsforhold for å makta denne tøffe oppgåva.
Til slutt ordna det seg med både klasserom og hus for lærarane, og den 9. januar opna vi 2 nye leseklassar i Qaloda (Dongobesh). Presten der hadde lagt vel til rette for lærarane, hus med kjøkken var klart for dei. Han hadde 32 vaksne som ynskte lære lese. Ein av dei, ein mann, kom heilt frå Maretadu.
På heimveg etter første veka kom lærarane, Martini Yona og John Sare/a, innom kontoret for å gje rapport. Dei var glade og oppglødde. Var så takksame for å få vere med å starte opp arbeidet i det nye området.
Maria Kwaslema og Marselina Tseere, som vart plassert i Hare/abi, starta der den 16. januar med 2 klassar. Der var det 31 vaksne som ynskte lære lese. Dei hadde aldri vore i Hare/abi før og var nokså spente på om dei kunne finne fram. Dei måtte ta buss frå Mbulu til Dongobesh, og i Dongobesh skulle dei prøve få einkvan med motorsykkel til å køyre seg og kassane med bøker og utstyr til Hare/abi. Sjåføren vår køyrde meg til KIA same dagen, så han kunne ikkje hjelpe dei. Så det blei ein tøff start for Maria og Marselina, som aldri hadde budd heimanfrå før. Modesti Michael og John Slaqwe har også starta opp i Tumati denne veka. Der hadde presten i TAG fått 40 elevar. Nok til å starte opp med to klassar. Presten i ELCT ynskjer også at dei skal klassar for hans kyrkjelyd. Men vi reknar med at etter nokre dagar kjem presten i den lutherske kyrkja også med elevar frå sin kyrkjelyd. Så frå neste veke vert det nok 2 leseklassar i Tumati også. Desse tre lærarteama får meir enn 100 elevar å ta hand om. Godt at det er to lærarar med mange års erfaring i kvart team, men kvart team har òg fire hjelpelærarar som aldri har undervist før. Det er ei stor utfordring og ekstra belastning for lærarane.
Frøydis Nordbustad vil kalla dei nye hjelpelærarane inn til ein seminardag for veka, for å gje dei eit spesialtilpassa TTP program (lærar treningsprogram). Det vil bli til stor hjelp for dei.
Alle desse 18 lærarane treng vår forbøn og omsorg. Må det lukkast ved Guds nåde til hans æra.
Bilde1 : Lærarar frå Qaloda, John Sare/a er ikkje med på bilete
Bilde2 : Frå venstre: Marselina og Maria og hjelpelærarane
Bilde3 : Lærarteamet i Tumati (John er ikkje på bildet).