Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Nytrykk av leseboka Jifunze er komme til Mbulu!

Utgave 5, 2024.


Agnes Philipo var i Arusha og henta 15 esker med i alt 2250 lesebøker no nyleg, den 24. oktober 2024.

Takk og lov at dei endeleg er komne så langt. Dei fortset å trykkja fleire, men sidan det er sparsomt med straum, tek det si tid. Nå kan lærarane, som hadde sin lærardag 25. oktober, få med seg bøker og starta nye klassar. Fleire stader er dei klare til å starta, - dei ventar berre på bøkene. Så takk til deg som hjelper analfabetane i Mbulu, og ein særskilt takk til Åse Enes, for hennar store innsats og bidrag til dette trykkeprosjektet.

Vi har også ei sterk von om å få inn nok midlar til å lønne alle dei flinke lærarane våre. For utan lærarar, inga undervisning. Takk til deg som kjenner eit kall til denne givartenesta.

Både lærarar og elevar treng vår omsorg og forbønn!


Skrive av: Inger Lise Tepstad