Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

KALLET

Utgave 5, 2024.


Det var slik ei ljuvleg forunderleg sæle
frå time til time, frå dag og til dag
å vandra i det som av Gud var lagt ferdig,
å fylla den plassen som Herren meg gav.


For det var eg viss på, at Han hadde kalla,
og Han hadde ført meg til plassen eg fekk.
Og lukkeleg var eg for Han å få tena
dei dagar og veker og år som no gjekk.


Jau, visst laut eg kjempa og visst laut eg strida
den gongen då kallet for fyrste gong kom,
då Herren meg synte kor djupt eg var fallen
og baud meg sin nåde og ropa: Vend om!


Eg nåden fekk gripa, og sjela den jubla
i takk for ei frelse forunderleg stor.
Men samstundes kom denne nagande uro:
Bring bodskapen ut til din heidenske bror!


For slik lydde kallet til tenar å verta:
Den arv du har fått er òg andre til del.
Då nåde eg fekk til å fylgja det, kallet,
vart sjela i takksemd useieleg sæl.


Og kven kan så undrast eg vandra med glede
i gjerningar lagt for min fot kvar ein dag?
Når ordet eg sådde til gamle og unge
eg vandra i tenesta Herren meg gav.

Og likevel – djupt i mi sjel
ei lita uro låg:
Eit verk så stort som ei var gjort
rett framfor meg eg såg.


Til dette folk forutan tolk
eg ikkje tala kan.
Guds eige ord, ein skatt så stor,
dei får’kje del i han.


Guds ord, det må dei lesa få
på språk dei kan forstå.
Det verk eg ser framfor meg her,
kven kan vel det formå?


«Gå stø og sterk til dette verk,»
slik lydde Herrens ord.
«Og lit på meg, eg hjelper deg
til verket det er gjort.»


Å seia nei eg torde ei,
Guds kall til hjarta gjekk.
Men kamp og strid til kvar ei tid
ved dette kall eg fekk.


Fyrst var eg vel redd for mi dugløysa stor.
Ja, tenkja seg til å omsetja Guds Ord!
Eg har ikkje lærdom og visdom og makt
til dette storverk som på meg er lagt.


Og otten for einsemd reint tyna meg vil.
At ingen står med meg, det kjenner eg til.
Dei har ikkje tru for at dette vil gå:
Du kastar bort tida om slikt du finn på!


Tvilen kjem på tå så lett;
kanskje har dei andre rett?
Kanskje er den møya spilt,
det du tykte var så gildt - .


Når dei ein gong Boka får,
står du der med gråe hår.
Kva var alt det strevet til?
Ingen Boka lesa vil.


Der er mange kampens dagar.
Tidt kjem tvilen som meg plagar.
Men igjennom kamp og tvil
får eg sjå Guds Fadersmil.


Ikkje har han gløymt si gåva,
ikkje har han gløymt sitt kall.
Han vil halda det han lova;
vera med meg dagen all.


«Du skal’kje taka noko vekk
frå Herrens ord, det som du fekk.
Ei heller må du leggja til,
men skriva det slik Herren vil.»


Eit ansvar stort på oss er lagt:
Guds eige Ord, å få det sagt
slik at dei mange skjønar det
og søkjer gjennom det sin fred.


Vi strevar og leitar og granskar
på setningar, vender og snur.
Det er ingen ende på vanskar,
kvart ord må på vekt etter tur.


Dei mange og strevsame dagar
vart veker og månader, år.
Den tanken rett ofte oss plagar:
Skal tru om vi målet vårt når?


Skrive av: Frøydis Nordbustad