Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

«Det mest meiningsfulle eg har vore med på» ( frå Glytt 1 - 2016)

Utgave 5, 2024.


«Skal du til Mamaisara i dag?» spurde ein sjåfør. «Ja», svara eg. «Kvar er sjåføren dykkar?» «Han har ferie». «Ring han, det har regna mykje, fjellvegen til Arusha er stengd, så det er sikkert mykje regn i Mamaisara også». Eg ringde, men fekk ikkje tak i sjåføren. Eg var spent på korleis det ville la seg gjera å komma til Mamaisara etter regn natt etter natt. Men eg hadde ei indre ro for at det skulle gå. Eg hadde høyrt kvar dei vanskelege plassane var og tenkte at siste staden er heilt nær kyrkja, og frå den første staden kan me gå til fots om me tek med oss berre det viktigaste. Me, evangelisten John Yasenti og eg, møtte bilar på vegen og skjøna då at dei kom over den vanskelege staden. Men med 4-hjulsdrift var det ikkje vanskeleg.

Det verka som om Gud hadde halde unna det verste regnet frå dette området. Me kom vel fram og tilbake begge dagane. Kva skulle me i fjellområdet? Tjue evangelistar og lokale leiarar i den Lutherske Kyrkja var inviterte til kurs for å læra litt meir iraqw og for å bruka katekisma på iraqw, læra sangar på stammespråket og oppmuntrast til å bruka katekisma og bibelen på deira eige språk.

Då deltakarane fekk lesa katekisma, bibelen, be og syngja og snakka på sitt språk, såg me gleda og engasjementet. Eg ynskte at eg hadde forstått kva dei sa. Ein tidlegare elev omfamna meg og takka. Det har hatt sine utfordringar, men dette er noko av det mest meiningsfulle arbeidet eg har vore med på. John Yasenti har tatt det meste av iraqw-opplæringa, eg songane. Katekisme-delen har me delt.

Der det vart tredagars iraqw-kurs først, fekk eg òg prøva med litt undervisning. Ein deltakar syntest ikkje det eg sa var rett, og spurde John. Han sa det same som meg. Hadde det vore Frøydis, hadde dei ikkje tvilt. Alt dette er grunn til takk og glede. Det er Herren som har opna denne døra. Be om at det kan lukkast å gå vidare til fleire stader.


Skrive av: Kjellfrid Eggebø