Agnes har lenge ropt om hjelp til å få trykt opp att ABC-boka Jefunze I, men vi hadde ikkje pengar nok til det. Den eine etter den andre sende øyremerka gåver, men det vart likevel ikkje nok. Kva gjer vi no? Bønnevegen – behovsmelding – var vegen å gå. ABC-bøker og lærarlønningar var konkrete behovsmeldingar! Og svaret kom fort og overraskande:
Stadig fleire gav øyremerka gåver til prosjektet. Åse Enes kom på at ho kunne gå Nordkapp – Lindesnes for saka! Resultatet var overveldande: 50 % av det trykkeriet måtte ha. Per d.d. har det komme inn ca. 80%. I tru og tillit til at resten også ville kome, gav Agnes trykkeriet beskjed om oppatt-trykking av ABC-bøker.
Kva med lærarlønningar?
Tre damer på Sunmøre, ei mor og hennar to vaksne døtrer kom med svaret. Dei ville betale kr.10 000 kvar til dekking av driftsutgift og lærarlønn i 1 år. Dette vil syte for leseopplæring i to
klassar for 30 analfabetar. «Kjærlighet oppfinnsom gjør, Gud vil åpne meg en dør ….»
«…eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt …» Joh.15,16