Først av alt vil eg takka den allmektige Gud for livet og for hans daglege velsigning. For dette prisar og ærar eg Herren og takkar han for at han er så gåvmild. Så vil eg seia takk til folk i Norge for deira store innsats med å samla inn pengar! Slik gjer de det mogleg for oss å fortsetja opplæringa av dei som ikkje kan lesa, skriva og rekna. De gir lønn til alle ansatte i ILCT. Me har også barnehage-prosjektet. Gåvmilde folk i Norge hjelper oss slik at borna får mat og leiker, som t.d. vippe og anna. Takka vere hjelpa frå Norge har mykje lykkast for oss her i Mbulu. Me har også motteke stor takksemd frå statlege leiarar her i byen og i landsbyane, for gode resultat.
Denne positive utviklinga er frukt av innsatsen til leiarane våre som starta arbeidet: Lærar Frøydis, Nora, Kjellfrid og formann Elias Goroi, som gir gode råd. Dei samrår seg med leiarane her i ILCT Mbulu, Nicodemu og Agnes. Kontakten med styret i Norge; Inger Lise, Solveig og Nora Johanne er også viktig.
Resultatet har blitt nye klassar på forskjellige stader i Mbulu og Babati. Mange har fullført, og det er til stor glede for folk på desse plassane.
Graduation P.A.G. Dumanang
Me vil be om at de held fram med å hjelpa oss, slik at ILCT kan nå ut til fleire område og kyrkjer, veksa og bli sterke. Hjarteleg takk fordi de er så gåvmilde! Må Gud velsigna dykk tilbake hundre fold! Den som dyktiggjer oss er Gud. Herren er alltid god.
Takk til deg, Gud vår far, for alt du har gjort! Utan deg kan me ingenting gjera. Me ber deg velsigna leiarane våre, Frøydis og Nora. Far, dei har gjort mykje viktig i ILCT. Me overlet helsa deira i dine hender. Far, me ber deg gå føre i planlegging og i rådgjeving. Må du også leia styret i Norge, Inger Lise, Solveig, Nora Johanne og Kjellfrid. Takk gode Herre! Velsign arbeidet til ILCT! Velsign Norge og folket der!
Velsign Tanzania og dei som bur her!
Amen.
Matteus 7,7-8: «Bed, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. For kvar den som bed, han får; den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.»