Då Mama Bernado høyrde at ILCT skulle starte leseklasse for dei som ikkje kunne lese, i hennar landsby, vart ho glad. Dette er min sjanse til å lære lese, tenkte ho. Bernado var blitt så stor at han skulle byrje på skulen. Medan han er på skulen kan eg vera på ILCT sin skule, planla ho. Men der fekk ho eit problem. Bernado var for ung til å ha full skuledag, så han kom heimatt når Mama Bernado skulle gå på leseklassen. Bernado er for liten til vere åleine heime så lenge. Kva gjer eg no? Å Eg tek han med meg, og spør lærarane om eg kan få ha han med meg. Og lærarane, sa ja med ein gong. Men Bernado blei ikkje registrert som reel elev, men blei «bonus» elev til inspirasjon for heile klassen.
Den 25. oktober 2016 tok han og mora eksamen. Han fekk beste karakter i swahili, lesing og skriving og iraqw lesing. Men nest beste karakter i matte er ikkje dårleg det heller. På avsluttingsfesten 24. november fekk Mama Bernado vitnemål og ein iraqwbibel som gåve. Bernado fekk /Aymuú Laarí (Eit ord for i dag), og læraren hans fekk nok ein liten men dyktig hjelpelærar. Dette er ei av dei mange solskins historiene frå 2016, som ikkje har nådd fram til deg som er med å gjere dette mogeleg. Du har vore med å forandra livet og heimen til Mama Bernado og Bernado og til mange andre også, i 2016. Gjeve dei framtid og von. Med lesekunsten ligg framtida open og full av nye mogelegheiter for dei.