Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Brev og helsingar frå Tanzania

Utgave 3, 2024.


Eg helsar dykk alle i vår Herre Jesu Kristi namn! Det er mitt håp at de alle har det bra. Eg ynskjer å helsa alle som er med i arbeidet vårt med bønn og pengar slik at me kan fortsetja. Arbeidet har bore god frukt. Det viser alle elevane som lærer å lesa, skriva og rekna. I mai månad hadde me avslutning i to klassar. I begge desse klassane har eg sett korleis elevane står på for å læra etter det nivået dei har nådd. Det er noko å takka Gud for.

Etter at me starta opp i Haydom prosti, har me fått inngang i tre sokn, Maghang, Labay og Haydom, så arbeidet har god framgang. Me har også hatt besøk av fem statsleiarar frå Babati-området. Desse kom på besøk til klassen i Orbesh, og dei gledde seg storleg over korleis elevane vart underviste og korleis dei skreiv. Dei gledde seg verkeleg over å sjå korleis elevane lukkast. Dei lova å hjelpa elevane om dei trong noko, dei måtte berre gi beskjed. La oss seia: Takk Gud, fordi du rører ved folk slik at dei set pris på arbeidet vårt!

Det er mange som har bruk for opplegget vårt i Haydom-området, slik som i Labay. Presten der inviterer oss og seier opplegget vårt er svært bra: «Me ynskjer dykk velkomne hit, og me ventar på at de kjem og underviser folk. Det er mange som treng skule, særleg dei unge som snart skal gifta seg. Det er veldig mange som ikkje har gått på skule og lært å lesa.» Eg har lova at me skal komma, så dei treng ikkje frykta.

Me er også nær ved å starta i Mewadan. Dei ventar på oss, og me har bestemt å møta elevane som har meldt seg på der og forsikra dei om at det blir undervisning. Eg har fått tak i nokre lesebøker, slik at me kan starta ein klasse. Martini Yona blir hovudlærar der. Me treng å få trykkja leseboka opp att, så la oss be Gud gjera det mogleg, slik at arbeidet kan ha framgang!

På senteret i Mbulu går det bra. Akkurat nå har barna og lærarane i barnehagen ein månad ferie. Dei startar opp att 1. juli.

Hjarteleg takk for trufast forbønn! Må Gud gi dykk styrke og velsigning kvar dag!

Helsing med Jesaja 41,13-14: «For eg er Herren din Gud som har gripe di høgre hand og seier til deg: «Ver ikkje redd! Eg hjelper deg.» Ver uredd, Jakob, du arme kryp, og de, Israels menn! Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren, Israels Heilage er din utløysar.»


Bilde: DNPC Orbesh


Skrive av: Agnes Philipo, oversatt av Kjellfrid