Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

«Eg kjem til dykk»

Utgave 3, 2024.


Det er heilt fantastisk å lesa om Jesus og den omsorga han har for læresveinane sine før han skal lida, døy og stå opp att. Han kjenner dei ut og inn, ser frykta, tvilen og uroa hos dei. Han veit også kva dei skal gå gjennom i tida framover. Då er det flott å lesa Jesu avskilstale til dei i Johannesevangeliet, kapittel 13 -17.

I Joh. 14,18 seier han: «Eg vil ikkje lata dykk vera att åleine som foreldrelause born; eg kjem til dykk.» Her kjem den Heilage Ande inn. (Joh. 16,13 -14) Jesus slepper ikkje sine av syne.

Tenk for ein siger Jesus vann då han stod opp att frå dei døde. Han vil visa oss at me har ein levande Frelsar. Ein Frelsar som òg er ved Guds høgre hand, og som bed for oss i dag. (Rom. 8, 34) Samtidig har me talsmannen, den Heilage Ande, som er med oss her på jord kvar einaste dag. Han skal levandegjera Ordet for oss, herleggjera Jesus for oss, overtyda oss om synd, nåde og tilgjeving og gi oss kraft, oppmuntring og mot til kvardagen.

Tenk, kor rike me er! Me har Faderen, Sonen og den Heilage Ande som lever med oss kvar einaste dag. Det er mykje å takka for.

Eg vil helsa deg med diktet til Haldis Totland Reigstad:

TAKK FOR HEILAGANDEN
Herre, takk for Heilaganden
som du sende til vår jord.
Han skal visa veg til himlen,
lysa opp ditt eige ord.
Der skal vi få møta Jesus,
full av kjærleik, liv og fred.
Himmelkrafta frå det høge
sende du til jorda ned.

Takk at denne rike gåva
gir du alle dine barn.
Anden skal, slik du har lova,
vara oss frå Satans garn.
Takk for pinsedagen, Herre,
takk for styrke, kraft og mot.
Gjennom alt skal Anden vera
lys og lykte for vår fot.

1

Lær oss kjenna dine vegar,
lei oss med di sterke hand.
Fyll oss du med kraft og visdom,
bind oss fast med kjærleiks band.
Hjelp oss, Herre, til å leva
slik at andre vegen finn
heim igjen til Faderhuset.
Sign oss, Gud, med Anden din.


Skrive av: Solveig Nordheim