Eg har mange gode minner frå Mbulu, men det er eitt av dei som ofte kjem tilbake. Nokre dagar før innviinga av iraqwbibelen, var mange av gjestene samla i stova til Frøydis. Det var mykje mimring og
gjensynsglede rundt kaffibordet.
Så banka det på døra. Frøydis reiste seg fort og gjekk mot døra. «Kom inn, kom inn!» Ho såg så glad ut og smilte så lurt. Kva er dette, undrast eg. Inn kom Terresia, iraqwkone, med ei lita jente bunden fast på ryggen. Ho ansa ikkje dei som sat ved kaffibordet, biskopar og andre prominente.
Det var Frøydis ho såg på og gjekk til. Eg skjøna ikkje kva ho sa, men det gjorde Frøydis. Gjensynsgleda var stor hjå dei begge.
Etter at velkomstpraten var ferdig, gjekk Frøydis på kontoret for å henta eit bilde av Jesus. Ho viste Terresia bildet og fortalde henne om Jesus. Den vesle jenta på ryggen bøygde seg over skuldra til mora, så ho òg kunne sjå Jesus. Ho såg vel og lenge på bildet, og så spurde ho mora: «Er det han som er med meg?» «Ja», svara mora. Terresia var analfabet. Ho kom for å pugga nye bibelvers, som ho kunne leva på og dela med andre. Frøydis las Ordet ho skulle få med seg heim den dagen, om att og om att, heilt til ho kunne sitera det rett.
Så tok ho Frøydis i handa, takka og bad ei stille, inderleg bøn. Så gjekk ho, og Frøydis gjekk tilbake til gjestene sine. Dei som sat rundt kaffibordet hadde ikkje fått del i dette, dei forstod ikkje kva som blei sagt. Frøydis fortalde at denne analfabeten kom frå tid til anna for å læra nye bibelord. No var ho kommen til Mbulu for å læra nye, og for å dela det med slektningane sine i Mbulu. Framleis er det mange som treng hjelp til å få møta Gud heilt personleg, i Ordet. Dei kan ikkje gå til Frøydis slik Terresia gjorde, men dei kan melda seg på eit kurs. Difor står Agnes og lærarane på alt dei kan for å gje så mange som mogeleg ein opna bibel. Bibelen er ei lukka bok for dei så lenge dei ikkje kan lesa. Men Agnes og lærarane når ikkje lengre ut enn siste krona når.
Kor mange kroner dei har, og kor langt dei når ut, er vår oppgåve og vårt ansvar. Lat oss stå trufaste saman med dei som gjer feltarbeidet. Dei er avhengige av oss økonomisk, og vi er avhengige av dei for å fullføra kallet vårt. Og då er det så godt at Jesus, som var med den vesle jenta, også er med oss personleg og i arbeidet for ILCT.
Eg helsar med 5. Mos. 31, 8: «…Han skal vera med deg…»
No gler vi oss til å møta dykk alle att på Helgatun.