Ho strålte som ei sol, kom imot meg og gav meg ein klem, på begge sider: «Tenk at eg skulle få sjå deg att! Eg har kome for å sjå deg to gonger før, heilt frå Yaidachini til Mbulu, men du var i Noreg. Denne gongen kom eg hit til Mbulu på grunn av ei gravferd. Medan eg var der, spurde eg ein smågut om han visste om ei kvit dame som budde i Mbulu, og kvar dama budde. Han sa: Ja, det veit eg. Far min arbeider som vaktmann hos henne.»
Malmot gjekk til Ujenzi. Der møtte ho Kristina, men så var ikkje Frøydis der. Ho var flytta opp til Margareza, og Kristina var ikkje så ivrig etter å visa henne dit. Ho tenkte at det blei nok besøk for Frøydis etter kvart. Men Malmot var ivrig: «Eg vil berre sjå henne og skal ikkje vera lenge!»
«Men om du skal nå bussen du snakka om, så må du velja mellom bussen og /Awaki, (Frøydis)», sa Kristina. «Å, skal eg ikkje få sjå henne denne gongen heller? Skal eg ikkje få sjå henne før eg møter henne heime i himmelen?» Kristina forstod at det var om å gjera for Malmot å møta Frøydis, så ho sende vaktmannen med henne for å visa veg. Om ho nådde bussen den dagen, veit eg ikkje. Det blei i alle fall ein lang, lang prat.
Malmot var heimehøyrande i Endachagnichan (Buskmannselvdalen), Yaidachini. Og det var derifrå eg kjende henne, for i 1968 feira eg jul der nede hos Terresia Londi. «Du var der i fem dagar»,
understrekar Malmot med å strekka knyttneven fram. «Heile fem dagar.» Yaidachini... Og så strøymer orda på og dreg fram mange minner frå opphaldet hjå Terresia.
«Du lærte oss ein song, som eg kan enno, ein julesong.» Og så song ho den, og gledde seg over å syngja. «Vart du med i koret til Terresia?» «Å ja, det var eg.» Eg såg for meg det imponerande koret inne i temben (hytta) til Terresia. Jentene song så det ljoma, endå det var så vidt dei fekk plass under takbjelkane.
Ein gong eg sat og høyrde på dette koret blei eg litt forvirra. Dei song songen: «Kom til din Frelsar» på swahili, og eg kunne den jo på norsk også. Men det var noko som ikkje stemte…, og så oppdaga eg at det mangla ein strofe i teksten. Den mangla fordi Terresia hadde gløymt den og øvd den inn slik. Ikkje kunne ho lesa, og lang var vegen til kyrkje, så det må vera unnskyldning for å gløyma
eitt og anna. Terresia underviste desse jentene i katekismen og hadde dåpsklasse med dei.
Ho lærte dei mykje av det ho hadde høyrt og lært i kyrkja, 5-6 timars veg unna. Ho tok skorne i handa og sprang den lange vegen over fjellet til Mbulu for å koma seg til kyrkje, med minstebarnet på ryggen. Terresia var lærar og åndeleg leiar for folket i Buskmannselvdalen. Ho var som ein profet mellom dei. Trygg tillit til Gud i kvardagen var så naturleg for henne.
For meg blei møtet med Malmot som å leva oppatt desse rike dagane i Yaidachini. Eg lærte så mykje saman med Terresia, og det er tydeleg at det gjorde Malmot også.