Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Gabrieli fortel om seg sjølv og helsar med Salme 1 vers 1-6

Utgave 2, 2017.


Eg heiter Gabriel Ernesti og vart fødd den 25 februar 1986. Eg vaks opp hos foreldra mine saman med tvillingbroren min. Eg byrja på fyrste klasse i 1997 der heime i Buger. Eg fortsette på skulen samtidig som eg hjelpte foreldra mine og æra dei.

Eg var alltid lydig mot dei når det var noko dei ba meg å gjera. I 2003 fullførte eg barneskulen. Men eg kom ikkje inn på den vidaregåande skulen. Difor fortsette eg med å hjelpa foreldra mine med jordbruk og gjæting og anna arbeid.

Eg vart konfirmert og blei ein kristen. Kvar søndag gjekk eg til kyrkje. Eg budde fredeleg saman med foreldra mine og vørde dei høgt. Sidan, i 2006, reiste eg til morsystera mi i Daudi for å hjelpa henne med å fora melkekyrne. Eg arbeidde flittig, men eg fekk ingenting for arbeidet mitt. Eg heldt berre ut.

I 2013 skaffa morsyster meg eit arbeid som vaktmann. Eg starta den 2.febr. 2013.Seinare var eg så heldig å få arbeid på ILCT. Då blei eg veldig glad. Eg starta der den 6.12.2014, og gledde meg veldig over å ha fått arbeid. Og eg takka Gud veldig mykje for arbeidet han hadde gitt meg. Og eg har stor vørnad for arbeidet mitt.

Og så fekk eg læra å lesa iraqw. Eg takkar verkeleg Gud for det. Ja, eg takkar Frøydis og, for at ho gav meg bøker å lesa så eg fekk læra iraqw. Og eg takkar Nora, for ho gav meg ein Iraqw bibel. Eg fortset med å lesa i den. Då eg las Salme 1 vers 1-6 vart eg rikt velsigna. Eg takkar for denne omsorg for meg.

Må Gud velsigna dykk! Alltid tener eg Gud gjennom arbeidet mitt. Tusen takk!


Skrive av: Gabriel Ernsti