Eg var så heldig å få vera med Norheimsund og Øystese Ungdomskor på turné i palmehelga. Tema for dei seks konsertane var: Påske - frå palmesundag til påskemorgon. Songane og bibelorda handla om heile spekteret frå Jesus rid inn i Jerusalem til han sto opp att påskemorgon. Det var: Hosianna Davids Son, Kyrie, ein fin song om nattverden, Getsemane og mange andre flotte songar. Heile påskeevangeliet var med!
Høgdepunktet var nok påskemorgon med jubelen og takken til Jesus for alt han har gjort for oss!
«Han har stått opp, han lever, graven er tom !»
Ein ting som vart spesielt understreka var at Jesus GAV livet sitt for oss, - ingen kunne ta livet hans. (Joh.10,17-18) Han gav det og tok det att for oss. Så etter at Jesus ropte ut: «Det er fullført.» (Joh.19,30) skriv Lukas i kap.23,46: «Fader, i dine hender gjev eg mi ånd.» Tenk å få ha ein levande Frelsar som betalte skuldbrevet, sona synda vår. Ja, Han er suveren, som dei song!
Eg vil òg helsa deg med dette flotte diktet av Haldis Totland Reigstad:
KOM OG SJÅ
Kom og sjå den tomme grava,
fyll di redde sjel med takk.
Jesus sigra over døden,
syndegifta vår han drakk.
No i dette morgongry
kan du verta fødd på ny.
Himmelriket er å vinna,
Jesus er i dag å finna.
Kom og sjå den store steinen
som Guds hand har velta bort.
Du kan kvila deg ved krossen,
det som gjerast skal, er gjort.
Han som livet for deg gav
velta steinen frå di grav.
Himmelriket er å vinna,
Jesus er i dag å finna.
Kom og sjå at Jesus lever,
du som tvilar, kom og sjå!
Syndaren vart lagd i grava,
Jesu liv kan alle få.
Han vil fylla hjarta ditt
med det reine blodet sitt.
Himmelriket er å vinna,
Jesus er i dag å finna
Kom og sjå at offerlammet
går i bøn for oss i dag.
Ber di alabasterkrukke
ut til alle folkeslag.
Fylt av himmelsalve, gå!
Rop med glede: Kom og sjå!
Himmelriket er å vinna,
Jesus er i dag å finna.