Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Gladmelding

Utgave 1, 2024.


Gladmelding

Julepynten er pakka ned att, kvardagane har innhenta oss, både heime og ute. I Mbulu «står dei på» alt dei kan makta. Tida, kreftene og pengane strekk ikkje til. Men Gud gjer. «Er noko umogeleg for meg?» Jer. 32,27 Og difor er det så mykje å gleda seg over når ein les helsingane frå Mbulu. Arbeidet har stor framgang. Gladmeldinga på heimefronten er at ILCT har fått nytt styre:

* Inger Lise Tepstad (leiar)
* Solveig Norheim (nestleiar)
* Nora Johanne Klungseth (sekr.)
* Kjellfrid Eggebø, (koordinator)
* Nora Klungseth (styremedl.).

Må Gud gje styret å vera samlynte, dela oppgåvene med kvarandre, bera børene saman og endra ting saman. Styret, alle som gjer dette mogeleg på ymse vis og alle forbedarane er eit samhandlingsteam. Helsar dykk med Rom. 12,10-12 Må Gud velsigna og leia deg i 2024 også.

Varm helsing til kvar og ein!
Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth

ALLE DERE som får Glytt på papir, men som har mulighet til å motta den på mail, vennligst gi beskjed om det. Portoen er så dyr at om flest mulig mottar bladet på mail, kan det spare oss for noen tusen kroner i året.

Beskjed kan gis til Valfrid H. Kjølvik, tlf. 90145617 el. vahokjolvik@lyse.net

En annen sak:
Vi står overfor noen ekstra utgifter framover. Det er gått tomt for ABC-bøker ute, så det må trykkes opp nye. Dessuten trengs kvitteringsblokker med ILCT sitt navn på. Prisen er ikke klar enda, men vi vet at det blir større utlegg enn hva vi har til vanlig. På forhånd takk for at du er med og løfter!

vipps 504817


Skrive av: Styret ILCT