Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

«HUGSAR DU …»

Utgave 1, 2024.


Minneverdige episodar frå tida då Regina, Kjellfrid og Kristina arbeidde saman om leseopplæringa i Mama Isara, frå september 2006. Dei hadde då overteke ein klasse i Kwermusl som var starta av Frøydis.

Regina minnast:
* Ein gong ramla ein gasskolbe ut av pickupen då me køyrde opp ein bakke mot Kwermusl.
* Det var i Aya Hayumba at bilen slokna då me var på veg frå klassen til der me budde. Oi, oi,- leidninga til batteriet i bilen hadde losna. Me opna panseret, ordna det og køyrde vidare.
* Andre gonger hende det at bilen punkterte på turane våre. Då skifta me dekk og arbeidet fortsette.
* Då eg, Regina, brende søppel i Aya Hayumba, spreidde flammane seg til buskane i nærleiken av huset. Men me klarte heldigvis å sløkkja flammane. Kjellfrid kom springande for å hjelpa.
* Det var flust med rotter i huset og dei åt av maten vår om natta.
* Ein slange kom seg inn i huset og fór ned i baggen min. Då eg skulle ta kleda mine, kjende eg han og ropa på Kjellfrid. Me drap den. Neste dag kom ein annan slange seg inn medan me sat på rommet mitt. Eg og Kjellfrid såg den då den kom inn og opp på takplankane. Så ramla den ned og me drap den. Men me fortsette å bu der, og me forlét ikkje arbeidet.

Helsing Regina Nakei

Regina har vore høfleg slik det høver seg ei iraqw-kvinne. Ho gir meg æra for meir enn det eg fortener og brukar «me» der ho skulle brukt «eg». Eg var rett nok med då slangane vart drepne, men Regina hadde sløkt elden før eg skjøna at noko var gale og rakk å koma til. Gud verna oss frå katastrofe mang ein gong. Regina hadde arbeidd hjå biskopen, og der hadde ho studert korleis sjåføren fiksa og stelte bil. Ho kunne mykje meir om bil enn eg, sjølv om ho ikkje kunne køyra. Ho var ein meister i å skifta dekk.

Kjellfrid Eggebø


Skrive av: Regina Nakei, omsett og kommentert av Kjellfrid Eggebø